Fysioterapi for born og unge

 

Kva tilbyr me?

Barnefysioterapeutene gjev tilbod om førebyggjande og kurative tenester for born mellom 0 - 19 år. Tenesta er ein del av helsestasjon- og skulehelsetenesta. Born med motoriske og psykosomatiske vanskar kan få tilbod her. Målet er å gje born mogelegheit til å oppleve mestring i aktivitetar og få gode kroppsopplevingar. Tenesta vert gjeven i heimen, skulen, barnehagen, helsestasjonen eller barnefysioterapikontoret. Mest mogleg av arbeidet skjer i barnet sitt naturlege miljø. Ergo- og fysioterapeutane arbeidar etter felles prioriteringar. Barnefysioterapeutane deltek i tverrfagleg samarbeid.

Barnefysioterapeutane gjev tilbod om:

  • undersøking og testing
  • behandling, rettleiing og oppfølging
  • tilrettelegging for aktivitet og sosial deltaking
  • hjelp til å søkje hjelpemiddel, tilpasse og gje opplæring i bruk av desse. 
  • førebyggjande oppgaver: helsestasjonsgruppe for foreldre med born ( ca 4 månader ), føredrag og prosjektarbeid ma.
  • rettleiing av pårørande

Kontaktinfo:

Fysioterapeut: Torild Kveberg, spesialist i helse, miljø - ergonomi. MNFF, vidareutdanning i barnefysioterapi. Leiar for ergo- og fysioterapitenesta.

Fysioterapeut: Jannike Tvedterås Fagervik, spesialfysioterapeut i barnefysioterapi.

Kva kostar det?

Tenester i helsestasjonen og i skulehelsetenesta er gratis. Undersøking og behandling for born under 16 år er også gratis.

Slik søkjer du

Føresette og fagpersonar kan tilvise til fysioterapi. Ved tilvising til fysioterapi skal du nytta tilvisingsskjemaet.

Lover og reglar

Klage

For meir informasjon om klage sjå her.

Fysioterapi for born

Adresse:
Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund.

Fysioterapeut:
Torild Kveberg
Telefon: 901 76 166
Epost: tokv@kvam.kommune.no

Fysioterapeut:
Jannike Tvedterås Fagervik
Telefon: 481 03 065
Epost: jatv@kvam.kommune.no