Fysioterapi for vaksne

Kva tilbyr me?

Kommunale fysioterapeuter gjev førebyggjande og kurative tenester til alle over 18 år. Dei kommunale fysioterapeutene gjev tilbod til deg som har ulike fysiske og psykosomatiske funksjonsvanskar og ikkje kan nytta fysioterapeuter med driftstilskot. Treng du rehabilitering i institusjon eller lindrande behandling i siste livsfase, får du dette frå dei kommunale fysioterapeutene. Målet er å gje mogelegheit for å meistre eigen kvardag. Tilbodet kan skje i eigen heim, på sjukeheim, rehabiliteringsavdeling eller dagsenter. Fysioterapeutane deltek i tverrfagleg samarbeid til dømes rehabiliteringsteam og ansvarsgrupper. Ergo- og fysioterapitenesta arbeidar etter felles prioriteringar.

Fysioterapeutene gjev tilbod om undersøking, behandling og tiltak:

  • ved styrke- og balansegrupper
  • trening/aktivisering for å forebygge funksjonstap individuelt eller i grupper
  • vurdering av behov for hjelpemidlar, søkja om hjelpemidlar og gje opplæring i bruk av desse. Sjå hjelpemiddellageret.
  • rettleiing av pårørande
  • kvardagsrehabilitering
  • deltaking i teamarbeid, til dømes rehabiliteringsteam. Sjå rehabilitering i institusjon.

Kva kostar det?

Førebyggjande tiltak, tilpassing av hjelpemidlar og fysioterapi under institusjonsopphald er gratis. Det er eigenandel for undersøking og behandling utanfor institusjon. Eigenandelen er regulert i ASA 4303

Slik søkjer du

Du sjølv, pårørande eller andre fagpersonar kan tilvisa til tenesta ved å nytta skjemaet:

Du må godkjenne tilvisinga dersom andre søkjer for deg.

Lover og regler

Klage

For meir informasjon sjå her.

Fysioterapi for vaksne
Telefon 48 14 46 51

Adresse:
Toloheimen, Nedre Norheim 44, 5600 Norheimsund

Fysioterapeut:
Rikke Gjerde Reistad
Telefon: 913 79 665
E-post: rikgje@kvam.kommune.no

Fysioterapeut:
Gunnbjørg Håland
Telefon: 915 99 044
E-post: gunhaa@kvam.kommune.no

Fysioterapeut:
Astrid Grande
Telefon: 913 51 460 
E-post: astgra@kvam.kommune.no

Fysioterapeut:
Maja Kristina Sundström Vevatne
Telefon: 906 74 654
E-post: majsun@kvam.kommune.no

Turnuskandidat:
Sondre Solberg
Telefon: 904 06 864
E-post: sonsol@kvam.kommune.no