Følgjekort

Dersom du har behov for følgje eller assistanse for å gå på kultur- og fritidsarrangement, kan du søkja om følgjekort. Du har ingen rett til følgjekort, det er den enkelte kommune som bestemmer om dei skal ha dette tilbodet.

Kva er følgjekort?

Følgjekort er beregna på personar med sjukdom eller nedsett funksjonsevne med behov for bistand for å kunna delta på arrangement.

Følgjekort vil blant anna vera aktuelt for personar med ulike funksjonsnedsetjingar som ikkje kan delta på aktivitetar åleine.

Slik søkjer du

Du nyttar skjemaet søknad om fylgjekort.

Kven kan få følgjekort:

Ledsagarbevis tildeles personar med funksjonsnedsetjing som er forventa vara over 2 år.

Når du søkjer om følgjekort frå Kvam herad skal du leggja ved stadfesting/dokumentasjon på funksjonsnedsetjinga di som krev at du må ha med deg følgjeperson:

  • Dersom du bur i kommunal bustad og får tenester frå pleie- og omsorgstenesta i Kvam herad, kan helsepersonell laga stadfesting på funksjonsnedsetjinga di
  • Har du attest som beskriv funksjonen din og som er av nyare dato ( siste 2 år) og som er laga i samband med andre føremål, kan denne nyttast
  • Døme på attestar som beskriv funksjonsnedsetjing og som kan brukast er legeattest ved søknad om parkeringsløyve, legeattest ved søknad om TT-kort og andre liknande attestar, td attest frå sykehus
  • Ein attest om søknad om følgjekort må dokumentera funksjonsnedsetjinga di og behovet for følgjeperson

Høg alder er åleine ikkje nok til å kvalifisera for ordninga.

Kven kan vera følgjeperson?

Innehavar av følgjekort kan sjølv bestemma kven som kan vera følgjeperson. Personen må vera fyllt 16 år.

 

Kva kostar det ?

Innehavar av følgjekort kan ta med ein ledsagar utan ekstra kostnader eller til redusert pris på kultur- og fritidsarrangement og transportordningar der ordninga er akseptert. Du betalar sjølv gjeldande prisar .

Lover og reglar

Klage

For meir informasjon om klage sjå her.