
Gode uformelle møtestadar er viktig! Derfor har me tilbodet "open hall" for ungdom frå 8. til 10. klasse. Open hall skjer kvar onsdag frå klokka 18 til 20 i Norheimsund idrettshall. Her kan ein koma å få halda på med ulike aktivietar, eller berre "henga". Tilbodet gjeld frå januar til og med april, og frå september til og med november.
Aktivitetane er egenorganiserte og valfrie, og deltakarane bestemmer korleis dei vil organisere aktivitetane.
Det skal vera enkelt å delta på open hall, og det er ikkje krav til medlemskap, prestasjon eller regulært oppmøte. Døme på aktivitetar er: fotball, volleyball, badminton, bordtennis, basketball, teppecurling og innebandy.
Det er to vaksne vakter i hallen som syter for at det er gode og trygge rammer.Dei vaksne deltek gjerne i aktivitet når det er eit ynskje frå deltakarane.
Tiltaket er forankra i oppvekstplanen og utforma tråd med innspel frå ungdom omkring uformelle møtestadar og aktivitetstilbod. I den vidare utviklinga i aktivitetstilbodet vert det lagt vekt på innspel frå ungdommane som deltek.
Diverre manglar me vaksne som har høve til å jobba som vakt på Open hall, og tilbodet er derfor ikkje kome i gang i 2025.