Landbruksveg - bygging

Bygging av nye vegar vert handtert etter plan- og bygningslova, men bygging av landbruksvegar er eit unntak. Du må ha godkjenning frå kommunen ved nybygging eller ombygging av landbruksveg. 

  

Forskrift om planlegging og godkjenning av veier for landbruksformål omfattar nybygging og ombygging av bilvegar og traktorvegar som skal tena jordbruks- og skogbruksdrift.

Føremålet med forskrifta er å sikra at planlegging og bygging av landbruksvegar skjer på ein måte som gjev landbruksfaglege heilskapsløysingar, samtundes som det skal leggjast vekt på omsyn til naturmangfald, landskap, kulturminner og friluftsliv og omsyn til fåre for flaum, erosjon og lausmasseskred. 

Forskrifta gjeld ikkje for opparbeiding av oppstillingsplass for landbruksmaskiner til bruk på eigedomen og enkle avkøyrsle frå godkjende landbruksvegar. Det same gjeld enkle, mellombels driftsvegar som berre medfører ubetydelege terrenginngrep. 

Kriterium

  • Skal du byggja ein landbruksveg med ei lengd på over 5 kilometer, må du ha ei godkjend konsekvensutgreiing før det blir gjort vedtak.

  • Avkøyrsel frå offentleg veg og velteplassar som blir lagde inn til offentleg veg, skal på førehand vere godkjend av vegstyresmaktene

I samband med sjølve godkjenninga kan kommunen mellom anna setje vilkår for:

  • linjeføring, teknisk utforming og miljømessig tilpassing av vegen 
  • skogsdrift (for vegar til skogbruksføremål) dersom det er påkrevt for å ta vare på dokumenterte miljøverdiar

Kommunen kan òg setja vilkår som avgrensar motorisert ferdsel på vegen, til dømes at vegen må stengjast med bom.

Slik søkjer du

Du sender ein skriftleg søknad til kommunen. På førehand må du gje melding til veganlegget får følgjer for, til dømes naboar og rettshavarar. Opplys i søknaden om at dette er gjort. Gjer greie for dei driftsmessige og økonomiske fordelane du vil oppnå med tiltaket. Eventuelle alternative vegtrasear bør òg komme fram. 

Kommunen skal henta inn dei opplysingane som er naudsynte for å avgjera saka. Statsforvaltaren skal få høve til å uttale seg før kommunen gjer vedtak. Det gjeld òg kulturminneforvaltninga i fylkeskommunen (samt Samisk kulturminneråd og reindriftsagronomen) når vegen kan ha følgjer for interessene i fagområdet deira. Etter dette vert det fatta eit vedtak.

Til vanleg får du også ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Dersom den ikkje følgjer med kan du få ho ved å venda deg til kommunen før klagefriten for vedtaket går ut.

Kommunen sitt vedtak kan godkjenna vegbygginga, setja eventuelle vilkår eller nektar at heile eller delar av veganlegget blir bygt. Det vert sett ein frist for gjennomføring av tiltaket. Vert denne ikkje overhalde, fell godkjenninga bort. 

Klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du fekk det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Meir informasjon er å finna på nettstaden skogsvei.no, utarbeidd av Skogbrukets Kursinstitutt.