Mikkjelsflaten omsorgsbustaderMikkjelsflaten omsorgsbustader ligg fint til i Rokabrekka i Øystese og har heildøgns omsorg. Det er kort avstand til Øystese skule, kulturhuset Kabuso, Øystese kyrkje, strandpromenaden, park og butikkar. På Mikkjelsflaten er det:16 enkle bustader6 bustader som er tileigna ektepar. Det er i hovedsak eldre bebuarar med daglege hjelpebehov som bur på Mikkjelsflaten. Bebuarane får tenester etter behov og enkeltvedtak.Tilbodfint uteområde med gangveg rundt Mikkjelflatentaxisykkel til bruk utegangavstand til frisør i Øystese sentrumgangavstand til fotpleie i Øystese sentrumHelsebanken legesenter i gangavstand frå Mikkjelsflatenfysioterapitenester i Helsebankenkjøkken med felles måltid eller måltid i eigen bustadfrivillige frå Grannehjelpa tilbyr aktivitet kvar tredje torsdag ettermiddagandakt ein gong i månaden. Prest er tilgjengeleg ved behovMåltidMiddag vert levert frå Matvarehuset. Frukost, lunsj og kveldsmat lagar me sjølv på felleskjøkken for dei som ynskjer det.Mikkjelsflaten har fokus på ernæring og vektlegg trivelege rammer rundt måltida. Bord vert dekt og pynta etter årstid. Publisert 07.02.2018 11:05