Kvammabadet KF

Kvammabadet KF skal stå for drift av anlegg til skulebading.  Seksjonen til Kvam Kvammabadet KF utgjer saman med tilstøytande  seksjonar opplevningssenteret Hardangerbadet. Når bassenganlegget ikkje vert nytta til kommunale føremål, kan det nyttast av Hardangerbadet.

Kvammabadet KF er eit kommunalt føretak eigd av Kvam herad. Føretaket har org.nummer 920 915 728, sjå lenkje for nøkkelopplysningar i einingsregisteret: https://w2.brreg.no/enhet/sok/detalj.jsp?orgnr=920915728

Kvam herad står for rekneskap og journalføring/arkiv for Kvammabadet KF. Ynskjer du Innsyn, ligg sakene integrert i innsynsløysinga til Kvam herad: 

Prosjektet "Hardangerbadet" har ei eiga sida i kommunen sin prosjektportal, som de finn her: http://kvamheradprosjekt.com/hardangerbadet/