Kommuneplanen sin arealdel, 2019 - 2030

Den nye arealplanen erstatter kommuneplanen sin arealdel frå 2006 og kommunedelplan for Norheimsund frå 2003. Kommunedelplan for Kvamskogen inngår ikkje i den nye planen. Planen vart vedteke av heradsstyret i Kvam i sak 066/19, 8. oktober 2019.
 

Kommuneplanen er ein overordna og strategisk plan for utvikling av Kvam herad. Arealdelen er plankartet som syner korleis areala på sjø og land skal forvaltast på ein berekraftig måte. Saman med plankartet er det juridiske føresegner som utdjuper og supplerer kartet, og planomtale som forklarer og grunngjev plangrepa.

Visjonen til Kvam herad er å "Skapa ei oppsiktsvekkjande framtid - Create a remarkable future".

Hovudmålet er å "Vidareutvikla eit pulserande og sjølvstendig regionsenter som knyter saman Hardanger og Bergensregionen".

Gjeldande plandokument:

Du kan også nytta deg av det digitale plankartet for å finna fram i arealplanen:

Saksnummer til kommuneplan sin arealdel: arkivsak 16/808, arkivsak 13/677 og arkivsak 18/475