Bustad

Kvam herad forvaltar ein stor del bustadar, der hovudmengda er omsorgsbustadar i større eller mindre bufellesskap. I tillegg har kommunen ein del trygdebustadar i større klynger eller bufellesskap, samt ein del- andre kommunale bustadar. Kommunale bustadar er plassert i eit par 4-mannsbustadar, dobbel modulbustad, tidlegare omsorgsbygg og einebustadar av eldre og dårlegare kvalitet. Eldre einebustadar ligg ofte i område som kommunen har sikra seg for framtidige andre føremål.