Planstrategi for Kvam herad 2024 - 2028

Planstrategien har som mål å skapa ein felles forståing mellom heradsstyret og administrasjonen av kommunen sitt planverk og kva for planar som bør utarbeidast eller endrast i valperioden, for å legge til rette for ønska utvikling i kommunen. 

 

Hovudføremålet med ein kommunal planstrategi er å klargjera

  1. Kva vedtekne planar som kan vidareførast utan endring
  2. Kva planar som bør reviderast eller opphevast
  3. Kva nye planar kommunen treng for å støtta opp om ønskt, framtidig utvikling av kommunen

Det er viktig at kommunal planlegging ikkje vert meir omfattande enn naudsynt. Det skal vera realistisk å kunna gjennomføra planstrategien innanfor valperioden han vert vedteken for. Strategien skal stadfesta det kommunen meiner er realistisk og naudsynt i denne valperioden. 

Kravet til planstrategi finn me i plan- og bygninglsova § 10-1.

Lenke til Kvam herad sin planstrategi for 2024 - 2028.