Kvam ungdomsråd

Kvam ungdomsråd 2022/2023 (inkludert vararepresentantar)

     

Kvam ungdomsråd er eit rådgjevande og lovpålagt folkevalt organ, som er sett saman av 9 ungdomar som representerer aldersgruppa 13- 19 år. Representantane er valde frå Strandebarm skule, Norheimsund Friskule, Kvam ungdomsskule, dei vidaregåande skulane i Kvam og Ungdomsbasen i Norheimsund. Kvar representant er valt for ein periode på 2 år og skal ikkje ha fylt 19 år på valtidspunktet. I tillegg er det vald ein representant frå Kvam heradsstyre som er valt for ein periode på 4 år som tilsvarar heradsstyreperioden.

Ungdomsrådet skal arbeida for å skapa best mogeleg ungdomsmiljø i Kvam. Rådet kan uttala seg i saker som gjeld ungdom før desse vert politisk handsama og vedtekne. Det kan i tillegg ta opp saker og fremja forslag for politiske organ som gjeld barn og unge sin kvardag.

Ungdomsrådet kan arbeida med konkrete aktivitetar og prosjekt knytt til barn og unge. 

Kvam ungdomsråd har møte- og talerett i Kvam formannskap og Kvam heradsstyre sine møte i dei saker som kjem inn under ungdomsrådet sitt arbeidsområde. 

På Kvam heradsstyre sitt møte 8.11.2022 vart samansetjinga av ungdomsrådet for hausten 2022- hausten 2023 formelt vedteke. Kvam ungdomsråd konstituerte seg 17.1.2023. Ida Djupevåg frå Kvam vidaregåande skule vart vald til leiar og Malene Utskot frå Kvam vidaregåande vart vald til nestleiar. 

Malene Utskot er også valt til nestleiar i Hardanger ungdomsråd 2023/2024. 

Du kan følgja med på aktiviteten til Kvam ungdomsråd på Instagram

Sjå også:

Kvam ungdomsråd er også medlem i Hardanger og Voss ungdomsråd.

 

Oversikt representantar hausten 2022- hausten 2023

Funksjon: Namn: Vararepresentant(ar): Tilrådd frå:
Leiar Ida Djupevåg 

1. Lars Kristian Høydal 

2. Anders Botnen

Kvam vidaregåande skule
Nestleiar Malene Utskot 

1.Lars Kristian Høydal 

2. Anders Botnen 

Kvam vidaregåande skule 
Medlem Lea Noor Golis (møtande vara)

1.  Celina Huun 

2. 

 

Kvam ungdomsskule
Medlem Emmily Sørvik

1. Celina Huun

2. 

Kvam ungdomsskule
Medlem Victoria Høyland Sunniva Norheim  Norheimsund Friskule
Medlem Isak Honningsvåg Vik 

1. Lars Kristian Høydal 

2. Anders Botnen

Kvam vidaregåande skule
Medlem Vegard Eide Aase 

 Markus Elias Fosse 

Strandebarm skule
Medlem Liselotte Lehmbre Jasmin Golis  Framnes Kristne Vidaregåande skule
Medlem  Konrad Black  Sara Fykse Ungdomsbasen

 

Politiske representantar valt frå Kvam heradsstyre perioden 2019-2023:

  1. Siv Håbrekke, Sp - personleg vara: Jostein Ljones, Sp 
  2. Halvard Lilletveit, Ap - personleg vara: Gry Kyrkjeeide, Frp 

I heradsstyret sitt møte 10.12.2020 (budsjettvedtaket) vart det bestemt at det berre skulle vera ein representant valt frå heradsstyret i Kvam ungdomsråd. Vedtaket vart mellom anna grunngjeve med at representantar frå Kvam ungdomsråd sjølve kan møta i Kvam formannskap og i Kvam heradsstyre, for å leggja fram meiningane sine i politiske saker som vedkjem rådet.

I heradsstyret sitt møte 16.2.2021 vart Siv Håbrekke, Sp valt til fast representant og Halvard Lilletveit, AP vart valt til vararepresentant fram til nyval i 2023. 

Koordinator og kontaktperson for Kvam ungdomsråd:

Kari Weltzien Vik, administrativ rådgjevar

E-post: kwvi@kvam.kommune.no 

tlf: 995 43 057