Moglegstudie 2017 - Offentleg toalett i Nhs. sentrum

Historie:

Norheimsund har hatt offentleg toalett i ulike lokale fram til sommaren 2016. Om lag frå krigen og fram til 1960 stod det ei betongblokk nedst på Haldeplassen. Då vart den sokalla “Firkanten” med adresse Grova 27-29 bygt. Den er arkitektteikna til formålet. Etter jamnt forfall vart denne stengt og toalettet flytta ned i sjøhuset til Sandven Hotell. I 2016 var dette lokalet ikkje lenger eigna, og huseigar hadde bruk for lokalet til eiga drift.

Løysingar:

Grendautvalet har sett på ulike løysingar. To alternativ skil seg ut.