Miljøfyrtårnsertifisering

Kvam kommune er på veg mot å bli Miljøfyrtårn-sertifisert!

For å oppnå Miljøfyrtårn-sertifisering må ein oppfylle ei rekke relevante kriterium, som sikrar at verksemda arbeider aktivt for å ha ei positiv innverknad på klima, miljø og arbeidsmiljø.

bilde frå Miljøfyrtårn overrekkinga - Klikk for stort bilete

___________

 

Kva er miljøfyrtårn?

Miljøfyrtårn er ei nasjonal miljøsertifiseringsordning som vart etablert i 2003 av sentrale organisasjonar. Det starta som eit prosjekt i Kristiansand kommune i 1996 og har sidan spredd seg til kommunar over heile landet. Per 2023 er over 10 000 norske verksemder Miljøfyrtårnsertifiserte. EU anerkjenner ordninga, som viser at den held høg miljøstandard og kvalitet på linje med EMAS og ISO 14001.

Når ein skal sertifiserast som Miljøfyrtårn må ein oppfylla ei rekkje relevante kriterium, for å sikre at verksemda arbeidar for å ha ei positiv påverking på klima, miljø og arbeidsmiljø.

bilde av kaka frå miljøfyrtårn overrekkinga  - Klikk for stort bilete

 

Sertifisering av Kvam rådhus

På rådhuset har det vore ei arbeidsgruppe beståande av Connie Langeland, Trond Inge Brakestad, Gisle Gravdal og Runa Kvamme Ekrem som har jobba med sertifiseringa. Gruppa har gjennomgått vesentlighetssanalyse saman med representantar frå forskjellige avdelingar og satt mål og tiltak basert på det som kom fram under disse diskusjonane.

I forbindelse med sertifiseringa har rådhuset satt seg ei rekkje mål. Her har me tenkt at me ynskjer å vera ambisiøse, og det er derfor slett ikkje sikkert at me når alle måle som er satt. Me valgt å setja høge mål i starten, slik at me har noko å strekkje oss etter, heller enn at me set for låge mål. Kvart år skal me arbeida for å betre forstå korleis me ligg an til å nå måla og kva potensial me har til forbetring, og deretter justere mål og tiltak.

Måla rådhuset har satt seg er:

  • Klima og miljø skal vektast 30% ved innkjøp og konkurransar.
  • Kvam herad auka andelen miljøsertifiserte leverandørar bland vesentlege leverandørar (>1MNOK) til 65% i 2024
  • Graden av gjenvinning ved rådhuset skal auka og mengden restavfall ved Kvam rådhus skal reduserast med 30 % i 2024 i forhold til 2023
  • Kvam rådhus skal redusera energiforbruket frå eksterne straumkjelder med 20% innan resertifisering (des. 2026) ift 2022.
  • Bilkøyring til/frå jobb skal reduserast med 15% bland tilsette ved rådhuset i perioden våren 2024-2025.
  • Klimafotavtrykket fra tjenestereiser skal reduseres med 20% i perioden 2024-2026.
  • På kontora på rådhuset skal det vera eit effektivt ventilasjonssystem som syt for behagelig temperatur, godt luft og lite støy.

 

Konkrete tiltak

Her på Kvam rådhus har me måtte demonstrera at me tek klima, miljø og arbeidsmiljø på alvor. Derfor har me allereie hatt endring i kantinedrifta, kor me no nyttar mindre emballasje på maten – det er no berre makrell i tomat som, av praktiske årsaker, vert verande i kuvertpakning.

Me gjer også tiltak for å auke graden av resirkulering på rådhuset, og går frå søppelbøtte på alle kontora til avfallsstasjonar på korridorane med separate bøtter for plast, papir og restavfall.

Vidare ynskjer me også å ta betre omsyn til klima og miljø gjennom kommunen sine innkjøp ved å laga ein ny «grøn innkjøpsrutine» i løpet av våren.

 

Miljøfyrtårn i Kvam herad

Dei neste åra skal også andre kommunale bygg og tenestestader sertifiserast som Miljøfyrtårn. Først ut er biblioteket, kulturskulen, og deretter Sandven verkstad og hovudbrannstasjonen. På sikt skal heile heradet sertifiserast.

Det er fleire private verksemder i Kvam som allereie er Miljøfyrtårn: Hardanger fartøyvernsenter, Hardangerfjord Hotel, Klinikkområde Norheimsund/Odda, Montér Kvam, Thon Hotel Sandven, Toyota Norheimsund AS, Vinmonopolet Norheimsund, Øystese Elektriske AS.

_____________

Gje oss tilbakemelding!

Som Miljøfyrtårn skal me syta for openheit rundt vårt arbeid med klima, miljø og arbeidsmiljø. Dette gjeld både overfor tilsette, men også øvrig befolkning og politikarar. Me ynskjer derfor tilbakemelding på korleis de tenker at måla og tiltaka som har verte satt fungerer i praksis.

Send gjerne mail til miljøkoordinator Stine Marie Iversen.
E-post: stiive@kvam.herad.no - om de har spørsmål eller tilbakemeldingar til oss.