Lean - kontinuerleg forbetring

Kontinuerleg forbetring er eit førande prinsipp for oppgåveløysing og utvikling av kommunen sine tenester. 

Å arbeida etter Lean-prinsipp betyr at me, gjennom involvering og samspel med alle medarbeidarar i Kvam herad, driv eit systematisk forbetringsarbeid med fokus på brukarane/innbyggjarane sine behov. Gjennom teamarbeid i ulike Lean-prosjekt vert arbeidsprossessar analysert og forbetra. For å få betre innsikt og forståing er involvering av brukarane/innbyggjarane ein sentral del av arbeidet. Målet er at alle skal oppleve at heradet yter god service og har høg kvalitet på tenestene. Målet for kommunen er høgare produktivitet, fleksibilitet og effektiv bruk av kompetanse. 

Hovudprinsippa i Lean: 

  • forstå kva som skapar verdi for brukar/innbyggjar
  • kartleggja arbeidsprosessane
  • fjerna sløsing og skapa flyt i arbeidsprosessane
  • utføra arbeidsoppgåvene til rett tid
  • skapa kultur for forbetring

Hovudmåla med Lean er:

  • best mogleg kvalitet på tenestene
  • best mogleg arbeidsdag for den tilsette
  • økonomisk gevinst gjennom best mogleg forvaltning av ressursar

For å driva Kvam herad som organisasjon etter Lean-prinsipp, må heile organisasjonen involverast. Grunntanken er at kvar einskild medarbeidar er ein viktig aktør for å driva utvikling og forbetring fordi den som utfører tenesta ofte vil ha dei beste forslaga til løysing og/eller forbetring. 

Leiarane i kommunen er sentrale som kulturbærarar i alt endringsarbeid. Leiarane har ansvar for å setja i verk Lean-prosjekt og vera pådrivarar for alt forbetringsarbeid innan tenesteområdet sitt. 

Som støtte til leiarane i Lean-prosjekt/-prosessar har Kvam herad, i samarbeid med KS, kursa fleire tilsette som rådgjevarar innan Lean-metodikk. Det er også etablert eit Lean-koordinatorteam. Desse koordinerer rådgjevarane sitt arbeid i ulike Lean-prosjekt og organiserer m.a. opplæring og informasjonsarbeid innan Lean.

Kari Sagen
HR-sjef
E-post
Telefon 90 95 40 46
Mobil 90 95 40 46
Lean koordinatorteam

Kari Svellingen Nygård
Lean koordinator
Telefon: 954 70 998
E-post: kany@kvam.kommune.no

Kari Weltzien Vik
Lean koordinator
Telefon: 995 43 057
E-post: kwvi@kvam.kommune.no