Deling av eigedom

Om du ynskjer å dela frå ein eigedom, må du senda inn søknad om deling av eigedom. Dette er eit søknadspliktig tiltak etter plan- og bygningslova. I etterkant av eit delingsvedtak må eigedomen merkast og målast opp i terrenget gjennom ein matrikkelforretning.

Generelt
Søknadskjema for deling av eigedom og rekvirering av kart og oppmåling: 

Kartverktøy og kjøp av kartdata

Om deling av eigedom

Når det er gjeve løyve til deling av eigedom vert parsellen oppmålt, tildelt eit nytt gards- og bruksnummer, og registrert i matrikkelen. Matrikkelen er Norges offesielle eigedomsregistar. Melding om eigedomsetableringa vert deretter sendt til tinglysing hjå Statens kartverk - tinglysingen. Der vert eigedomen registrert i grunnboka. Den nye eigedomen er med dette oppretta og vert eit sjølvstendig panteobjekt.

Deling av eigedom vert handsama av byggesaksavdelinga.

Før deling kan gjennomførast er det nødvendig med delingsløyve i samsvar med reglane i plan- og bygningsloven. Det må òg gjennomførast ei oppmålingsforretning i samsvar med reglane i matrikkellova. Søknad om deling og rekvirering av oppmålingsforretning skal sendast til Kvam herad. Bruk «Skjema for deling og rekvisisjon av oppmålingsforretning» og legg ved nødvendige vedlegg. Søknaden skal signerast av heimelshaver. I samband med søknad må det leggjast ved eit situasjonskart som syner tiltenkt tomt med grenser, tilkomstveg, parkering, m.m.

Lenkjer:

Kvam herad - Rådhuset
E-post
Telefon 56 55 30 00

Adresse: Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund

Opningstider:
Månd - fred  kl.0900-1500
Sommartid : kl.1000-1400  (gjeld vekene 25 - 33)