Ressursgruppe for lindrande behandling

Kvam Herad har ei tverrfagleg ressursgruppe beståande av lege, sjukepleiar og fysioterapeut. Ved å ta kontakt med ressursgruppa kan ein få hjelp til kartlegging av situasjonen, og ein får ein kontaktperson (ressurssjukepleiar) som ein kan ta kontakt med ved spørmål.

   

Gruppa tilbyr:

  • heimebesøk med samtale
  • kartlegging og oppfølging
  • koordinering av tenestetilbodet til pasientar med trong for lindrande behandling
  • samarbeid med fastlege og spesialisthelseteneste
  • råd og rettleiing til hjelp mot plagsame symptom
  • hjelp til å skaffa naudsynte hjelpemiddel
  • informasjon om pasienten og pårørande sine rettar

Ved alvorleg sjukdom skal de ikkje måtte håndtere alt åleine. Det er uforpliktande og gratis å ta kontakt med ressursgruppa. De treng heller ikkje ha nokon konkrete spørsmål.

Ressurssgruppa består av:

  • Elisbeth Svåsand, ressurssjukepleiar, sone Strandebarm
  • Annelin Aga – ressurssjukepleiar, sone Norheimsund
  • Marit Lid Marøy – kreftkoordinator

Ved spørsmål:ta kontakt med kreftkoordinator Marit Lid Marøy på e-post marmar@kvam.kommune.no eller tlf. 90679853, eventuelt med Kvam Rehabiliterings- og behandlingsavdeling ved Hilde Ystanes på tlf. 974 23 286.

Marit Lid Marøy
E-post
Mobil 99 26 71 74