Forprosjekt - Eteforstyrringar

Forprosjektet er eit samarbeid mellom Kvam, Voss, Vaksdal, Ulvik og Eidfjord kommune, og er finansiert av Helsedirektoratet.

Hovudmålet med forprosjektet er å kartlegga noverande behov og praksis kring tematikken i kommunane.

Dette vil vera grunnlaget for å seinare kunne planleggje prosjekt med mål om å førebygge, tidleg oppdaga, tidleg intervenera og behandla eteforstyrringar og spiseproblem. 

Kartlegginga føregår i perioden januar – juni 2024 og inneber følgjande:

  1. Innhenting av lokale tal på førekomst frå Nasjonale medisinske register
  2. Intervju med leiarar for fastlegar, helsestasjon/skulehelseteneste og grunnskule, samt brukarrepresentant
  3. Anonyme spørjeundersøkingar blant fastlegar og tilsette i helsestasjon/skulehelsetenesta, grunnskule og vidaregåande skule.