Språk

 

Tungt og uklart språk i tekstar kan lett føra til mistydingar og svekka tilliten til det offentlege. Dersom innbyggjarane ikkje forstår innhaldet i teksten er det også vanskeleg for dei å delta i og følgja opp saker som vedkjem dei. Forvaltningsspråket bør difor vera klart og lettfatteleg. Klarspråk fremjar demokrati og rettstryggleiken. 

Her finn du Kvam herad sin vedtekne språkprofil og andre ressursar som du kan ha bruk for i arbeidet ditt som folkevald.