Fastlege

Alle innbyggjarane i Noreg har rett til å ha ein allmennpraktiserande lege som sin faste lege. Fastlegen har plikt til å prioritera personar på si liste.

 

Kva tilbyr me?

I Kvam er det 10 fastlegar fordelt på 4 legekontor. På helsenorge.no kan du sjå kva fastlegar som har plass til fleire pasientar, og du kan velja fastlege eller byta fastlege på denne nettstaden.

Du kan og ringja telefon 800 43 573 for spørsmål om fastlegeordninga.

Korleis får du tak i lege?

Kvam herad har i dag fire legekontor:

Norheimsund legesenter er lokalisert i Sandvenvegen 35 i Norheimsund. Opningstid måndag til fredag 08.00 - 16.00. Telefon 56 55 39 40.

Det er fem legar ved kontoret. Tre er spesialistar i allmennmedisin og to av legane er under spesialisering. På www.norheimsund legesenter.no finn du nærmare opplysningar om kontoret og legane som arbeider der.

Helsebanken legekontor er lokalisert i Hardangerfjordvegen 665 i Øystese. Opningstid måndag til fredag 08.00 - 16.00. Telefon 56 55 38 50.

Det er fem legar ved kontoret. Alle er spesialistar i allmennmedisin.

Sjukestova er legekontor i Ålvik. Opningstid mandag, onsdag og fredag 08.00 - 15.30. Helsestasjon annakvar tysdag. Telefon 56 55 75 00.

Det er ein lege ved kontoret. Han er spesialist i allmennmedisin.

Strandebarm legekontor er lokalisert i Tangeråstunet, Tangeråshagen 1, 5630 Strandebarm. Opningstid måndag til fredag 08.00 - 15.30. Telefon 56 55 69 30.

Det er lege tilstades fire dagar i veka. Frå 2002 har kontoret i Strandebarm vore drive som kommunalt utekontor. På www.strandebarmlegekontor.no finn du nærmare opplysningar om kontoret og legane som arbeider der. 

Allmennlegeteneste for personar som ikkje er fastbuande i Kvam

Om du treng legehjelp, kan du venda deg til det næraste legekontoret. Legekontora er opne mellom klokka 08 og 16 alle kvardagar.

Legevaktsentralen i Kvam, telefon 116 117, kan nyttast ved behov for øyeblikkeleg hjelp heile døgnet. 

Ved alvorleg, livstruande skade eller sjukdom: ring 113.

Kva kostar det å få hjelp?

For barn under 16 år er tenesta gratis.

Vaksne må betala ein eigenandel.

Kart