Moglegstudie 2014 - Hordalandsdiagonalen og Hardangertunnelen

Norconsult AS har i samarbeid med Sivilingeniør Helge Hopen utarbeida denne forprosjektrapporten på oppdrag frå Kvam kommune.  Dette er ei vidareføring og supplering til rapporten Vegutgreiing av Hardangertunnelen – verknader for Kvam frå 2006.

For om lag tjue år sidan vart ideen om ein tunnel under Kvamskogen presentert for første gong. Det har viste seg at prosjektet er så kostbart at det er vanskeleg for Hardanger å realisera det åleine.
Lansering av «Hordalandsdiagonalen» har gitt prosjektet ny aktualitet. Vert «Hordalandsdiagonalen» realisert kan Hardangertunnelen verta «navet» i aust/vest- hjulet og ei ryggrad  i balansert regionsbygging i Hordaland. 
Kvam herad har som mål å visa at  «Hordalandsdiagonalen», med Hardangertunnelen, vil vera eit nøkkelprosjekt i eit framtidsretta samband mellom Aust- og Vestlandet.  I tillegg at sambandet kan verte ryggraden for balansert regionbygging i Hordaland, der store delar av Hardanger, Kvinnherad, Fusa og Samnanger vert knytt tettare til Bergensregionen. Denne rapporten støtter opp under dette.