Øysteseheimen gr 3

Gruppe 3 ligg i 3 etg. på Øysteseheimen som ligg i Skårdalsvegen i Øystese. Gruppe 3 er ei langtidsavdeling for personar med demenssjukdom.

  • 10 langtidsplassar

Avdelinga legg vekt på å ha ein roleg atmosfære for bebuarane slik at dei skal kjenna seg trygge. Avdelinga har ei stabil personalgruppe med god kompetanse. Leiar for gruppe 3 har ansvar for nattenesta i Øystese.

Tilbod

  • hjelp til å koma ut på tur. Uteområde er tilpassa rullestolbrukarar og personar med nedsett gangfunksjon. Det er høve til å steika vaflar eller laga anna mat på to ulike plassar i hagen. Hagen har blomar, frukttre og bærbuskar
  • taxisykkel til bruk ute
  • frisør kjem på Øysteseheimen ved behov
  • fotpleiar kjem på Øysteseheimen ved behov
  • tilsynslege kvar torsdag og ellers ved behov
  • fysioterapi etter behov
  • kjøkken med felles måltid
  • gratis tannpleie med hjelp til bestilling av time. Tannpleiar kjem på avdelinga ein gong i året
  • andakt ein gong i månaden. Prest er tilgjengeleg ved behov
  • underhaldning og kaffi med bebuarane 1-2 gonger i månaden i regi av Grannehjelpa

Måltid

Middag vert levert frå Matvarehuset. Frukost, lunsj og kveldsmat lagar me sjølv på felleskjøkken. Gruppe 3 har fokus på ernæring og vektlegg trivelege rammer rundt måltida. Bord vert dekt og pynta etter årstid.

Øysteseheimen langtidsavdeling

Vakttelefon: 911 94 876 (dag/kveld) / 908 36 209 (natt)

Gruppeleiar
Eline Tveiten
Man - fredag: 0730 - 1530
Telefon: 974 84 612
Epost: elintv@kvam.kommune.no

Gruppeleiar
Randi Akselberg
Man - fredag: 0730 - 1530
Telefon: 974 78 554
Epost: randaks@kvam.kommune.no

Adresse
Øysteseheimen
Skårdalsvegen 20
5610 Øystese