Innbyggjarforslag

Er du oppteken av ei sak eller eit tema, kan du fremja eit innbyggjarforslag. Slik kan du setja nye saker på den politiske dagsorden i Kvam.

Innbyggjarforslag er eit verkemiddel for å fremje nye saker, ikkje for å ta avgjorde saker opp på nytt. Dersom du sankar nok støtte til og fremjer eit forslag, er heradsstyret forplikta til å behandla det innan seks månader.

Slik sender du inn eit innbyggerforslag:

  • Skriv tydeleg kva forslaget handlar om.
  • Skaff underskrifter frå personar som støtter forslaget. Underskriftene må innehalde fullt namn og adresse. 
  • For å vera gyldig, må minst 2% av dei som bur i kommunen støtta forslaget, dvs. 170 underskrifter per andre kvartal 2020.
  • Forslagsstillar og dei som skriv under må vera busette i Kvam, men treng ikkje vera fylt 18 år.
  • Du kan bruka nettportalen misak.no til å føreslå saker og samla underskrifter.
  • Forslaget kan berre behandlast éin gong i løpet av ein valperiode, her kan heradsstyrert gjera unntak.

Sjå også rettleiar til innbyggjarforslag (i PDF, på regjeringen.no).