Administrasjon

Tenesteområdet omfattar administrative funksjonar og fellestenester for Kvam herad.

Det inkluderer øverste administrative leiing, økonomi, lønn, personal, HR, IT, fellessekretariat, kantine, innkjøp, politisk sekretariat, hovedtillitsvalgt, jurist og informasjon. I tillegg har tenesteområdet utgifter til eigedomsforvaltning og reinhald, forvaltning, drift og vedlikehald av rådhuset.

Tenesteområdet har ansvar for å legga til rette for politiske og administrative avgjersler, analyse- og utgreiingsarbeid, organisasjonsutvikling, verksemdstyring og internkontroll, samfunnsutvikling, kommunikasjonstenester, samfunnstryggleik og driftsstøtte til verksemda. Målgrupper for tenestene er innbyggarar, politikarar og alle avdelingar og tenesteområder som er ein del av Kvam herad.

Det som utgjer den klart største delen av driftskostnadane, (utanom løn) på administrasjon er it kostnader som er felles for alle tenestene og einingane i kommunen. Det omfattar mellom anna programvare, brannmur, tryggleik og nettverk.

Kvam herad sel tenester til andre på fleire områder som IT, dagleg leiar i Kvam bustadstifting; og rekneskap og arkiv til Kvammabadet KF.