Styring og kontrollverksemd

Dette er eit lite, men grunnleggjande rammeområde for ein kommune si rolle i demokratiet. Utgiftene går til tilskot til politiske parti og grendeutval, løn, godtgjersle, tapt arbeidsforteneste, frikjøp, refusjonar arbeidsgjevarar, møteutgifter og transport til politikarar, kontrollutval og Hardangerrådet.

Hordaland fylkeskommune har sekretariatsarbeidet for Kontrollutvalet og revisjonen vert utført av Deloitte.

 

Gjeldande politisk organisering vart vedteke av heradsstyre 26.03.19 (HST-012/19):

    



 

 

Rådsutval som Ungdomsrådet og rådet for menneske med nedsett funksjonsevne og eldre høyrer til KOSTRA-tema «Fellespostar», funksjon 180 Arbeidsvilkåra for folkevalde i Kvam herad vart vedteke i heradsstyremøte (HST-027/19) 7.5.19.

I etterkant av vedtaket er vilkåra til ordførar og varaordførar endra. Ordføraren si løn skal vera tilsvarande som 95 % av løna til ein stortingsrepresentant. Varaordføraren får ei fast godtgjersle på 20% av ordførargodtgjersla. Leiar for næring, plan og bygg får ei fast godtgjersle på 3,5 % av ordførargodtgjersla. Andre politikarar får møtegjersle per møte.