Sals- og skjenkekontroll

Sals- og skjenkekontrollen i Kvam har all kontrollverksemd i Voss, Vaksdal, Samnanger, Fusa, Kvam, Ullensvang, Eidfjord og Ulvik.

Sals- og skjenkekontrollen skal kontrollere alle sals- og skjenkeplassar for å sjå til at dei held seg til reglane i alkohollova og dei kommunale retningslinene. Det skal vera minimum tre gonger så mange kontrollar per år som det finst løyver, og kvar plass skal ha minste ein kontroll i året.

For regionen som sals- og skjenkekontrollen har ansvar for, er det om lag 100 salsløyver og 175 skjenkeløyver, og det vert gjennomførd ca. 870 kontrollar kvart år. 

Organisering

Skjenkekontrollar vert stort sett haldne fredag og laurdagar på kveld og natt, men kontrollørane kan kome på besøk alle dagar i veka. Det er alltid to kontrollørar på skjenkekontrollane. Kontroll av sal i butikkar og liknande vert haldne alle dagar i veka innanfor opningstidene, med ein kontrollør. 

Kontrollane kan gjennomførast som anonyme kontrollar eller opne kontrollar der kontollørane legitimerer seg når dei kjem. 

Kva ser me etter?

Alle krav i alkohollova og forskrifta er ting som kontrollørane sjekkar ute på kontroll. Nokre ting er likevel meir i fokus:

  • Aldersgrensane, både på gjestane og dei tilsette
  • Sals- og skjenketidane
  • Om det vert skjenkt eller seld alkohol til openbart påverka
  • Internkontroll
  • Om det vert teke alkohol med inn eller ut av på skjenkeplassen

Kva skjer ved brot?

Om kontrollørane ser eit eller fleire brot, tek kontrollørane kontakt med den ansvarlege på plassen og går igjennom observasjonane før dei forlet plassen. Etterpå vert det skrive ein tilleggsrapport. Her vert brotet omtala i detalj, og kva paragrafar i alkohollova dei meiner er brote. Rapporten vert så send til den ansvarlege kommunen som tek over den vidare oppfølginga. Dei skal sende rapporten til løyvehavar innan ein veke etter brotet, og løyvehavar har to veker på seg til å kome med deira kommentarar til rapporten.

Etter dette vert det opp til kommunen kva konsekvens brotet skal få. Mellom anna kan dei gje prikkar etter nasjonal forskrift eller i verste fall stoppa løyvet i ein periode. 

Meir informasjon

Du kan lese meir om kontroll og og sanksjonar på Helsedirektoratet sine nettsider.

Nils Anders Bolstad
Kontrollør
E-post
Telefon 99 52 51 20
Mobil 99 52 51 20