Kommunehelse

Tenestene vert i hovudsak utførte av folkehelsekoordinator, helsestasjonstenesta, ergo- og fysioterapitenesta, kommunepsykolog og legetenesta. Tenesteytinga er regulert i Folkehelselova, Helse og omsorgstenestelova, Smittevernlova, Pasient- og brukarrettighetslova, Helsepersonell-lova og eit omfattande tal forskrifter. Retten til nødvendig hjelp frå helse og omsorgstenesta er regulert i Pasient og brukarrettighetslova § 2-1a.

Folkehelse er samfunnet sin innsats for å fremja befolkninga si helse, trivsel, gode sosiale og miljømessige tilhøve og medverka til å førebyggja psykisk og somatisk sjukdom, skade eller liding. Folkehelsearbeidet er heilskapleg og omfattar både offentleg, privat og frivillig sektor. Målet er å utvikla eit samfunn som legg til rette for helsegunstige val, fremjar tryggleik og medverknad for den einskilde, førebyggjer sjukdom og skade og legg til rette for gode bu- og oppvekstvilkår.

Arbeidet med kommunen sin Folkehelseoversikt for 2021-2023 viser at innbyggjarane i Kvam i det store og heile har god helse og at Kvam er ein god og trygg stad og bu. Det er likevel fleire utviklingstrekk som me er uroa over. Mange desse faktorane vert arbeidd vidare med i kommande planar.   

Folkehelsekoordinator sine oppgåver er mellom anna : plan- og analysearbeid, samarbeid med frivillige lag og organisasjonar, utforming av søknader, koordinering, planlegging og gjennomføring av tiltak innan ulike temaområde og tilrettelegging for eit systematisk og langsiktig folkehelsearbeid.

Ergo- og fysioterapi

Ergo- og fysioterapitenesta  skal gje førebyggjande og kurative tenester til alle aldersgrupper. Det er utarbeidd eigen temaplan for tenesta. Planen skal rullerast i 2021. Dei kommunale fysioterapeutane og ergoterapeuten har ansvar for å organisera tilbod til brukarar med samansette behov eller store funksjonsnedsetjingar. I tillegg til undersøking og behandling, har dei oppgåver som tilrettelegging for sosial deltaking, aktivitet, det å kunne bu i eigen bustad og å søkje om naudsynte hjelpemidlar. Dei er sentrale i kommunen sitt habilitering- og rehabiliteringsarbeid og har også førebyggjande oppgåver.

Fysioterapiinstitutta gjev tilbod til dei som har muskel- skjelettlidingar, psykosomatiske lidingar eller treng opptrening etter skade, operasjon eller rehabilitering. Det er privatdrivne fysioterapiinstitutt i Ålvik, Øystese, Norheimsund og Strandebarm. Kommunen gjev tilskot til drifta i form av driftstilskot.

Ergo- og fysioterapitenesta har brei kompetanse og er ein viktig basisressurs i helse- og omsorgstenesta. Fleire av dei tilsette er spesialistar. Barnefysioterapi er fagleg ein del av helsestasjon- og skulehelsetenesta i tråd med lokale og sentrale føringar.

Tenesta har 1 ergoterapeut, 4,23 fastlønna fysioterapeutar, 1 turnuskandidat og 6,35 driftsheimlar.

Legetenesta

Legetenesta famnar mellom anna om kurativ legeteneste, allmennmedisinske offentlege oppgåver på sjukeheimane og helsestasjonane, samfunnsmedisinske oppgåver ma smittevern, legevakt og koordinerte akuttmedisinske tenester utanfor sjukehus. Dette er lovpålagde tenester og basisfunksjonar som er avgjerande for å skapa framtidsretta, fagleg forsvarlege og likeverdige helse og omsorgstenester av god kvalitet.

I Kvam har me 10 fastlegeheimlar. Kommuneoverlegen er leiar for legetenesta. På Toloheimen er eigen sjukeheimslege i full stilling.

Kurativ verksemd – fastlegetenesta

Alle som bur i kommunen har rett til ein fastlege. I Kvam er det legekontor i Ålvik, Øystese, Norheimsund og Strandebarm. Totalt er det elleve fastlegar, seks i Øystese og fem i Norheimsund. Sju er spesialistar i allmennmedisin. I tillegg arbeidar også legar som er under spesialisering i allmennmedisin. Desse legane får veiledning frå lege som er spesialist i allmennmedisin. I Øystese er det også LIS 1 lege (tidlegare turnuslege). Ein spesialist i allmennmedisin arbeider ved Ålvik legekontor to dagar i veka, Tre legar deler på arbeidet i Strandebarm med tre opningsdagar i veka. Saman med legane arbeider det ni helsepersonell i ulike stillingsstorleikar ved legekontora. I Kvam har me ei robust og god legeteneste som er tilrettelagt for å rekruttera nye legar til kommunen når seniorane trappar ned.

Allmennmedisinske offentlege oppgåver

Kvar einskild fastlege kan tilpliktast å ta del i arbeid med sjukeheimsmedisin, skulehelseteneste og helsestasjonsteneste i inntil 7,5 time pr. veke i full stilling. Kommunen har prioritert å ha legane med på dei ulike arenaane innan helse og omsorg og legg praktisk til rette for at dei kan gjera det.

Samfunnsmedisinske oppgåver – kommuneoverlege

Kommunen skal ha ein eller fleire legar som medisinske rådgjevarar. Funksjonen skal ivareta oppgåver som plan,-system,-beredskaps,- smittevern- og miljøretta helsevernarbeid. Samfunnsmedisinsk kompetanse er også nødvendig i interkommunalt samarbeid og samarbeid med spesialisthelsetenesta, t.d. arbeid med samarbeidsavtalar, tenesteavtalar, prosjekt og prosessarbeid.

Legevakt

Kommunen si legevaktordning skal sikra innbyggjarane sine behov for øyeblikkeleg hjelp-tilbod heile døgnet og er ein del av den allmenne beredskapen i kommunen. Kvam legevaktstasjon er ein av tre legevaktstasjonar i Hardanger og Voss legevaktdistrikt og er samlokalisert med Toloheimen og Helse Bergen sin ambulansestasjon i Kvam. Legevaktstasjonen består av Kvam legevaktsentral og legevaktlokala. I opningstida til fastlegekontora fungerer dei som legevaktlokale.

Ein vakthavande lege skal vera tilgjengeleg i nødnettet heile døgnet.  Kvam har samarbeidsavtale med dei andre kommunane i Voss sjukehusområde om legevakt på natt . Voss kommune er vertskommune, og legevakta er lokalisert i sjukehuset på Voss.

I tillegg til legane er det tilsett sju sjukepleiarar i til saman 288 % stilling ved legevakta. 

Kvam legevakt er ein av sju «vakttårnlegevakter» i Noreg og er slik leverandør av data til nasjonal statistikk for legevakt. Kommunen samarbeider med nabokommunane, føretaket og andre lokale døgntenester, t.d. brann og redningstenesta og helse og omsorgstenesta elles for å sikra gode løysingar for akuttilbodet.

Helsestasjons- og skulehelsetenesta

i Kvam herad er organisert i eining for oppvekst, og har eit nært samarbeid med eining helse- og omsorg. 

Tenesta har base ved Norheimsund helsestasjon med utekontor ved legekontora i Strandebarm, Øystese og Ålvik. Oppgåvene er heimla i Helse- og omsorgslova. Kommunen har ansvar for at tilbodet er tilgjengeleg for målgruppene, og at dei tilsette har nødvendig kompetanse og ressursar. Helsestasjon- og skulehelsetenesta skal vera eit lågterskeltilbod. Kommunen har ansvar for å overvake helsesituasjon til alle born i kommunen, og skal planleggja og gjennomføra tiltak som fremjar ei best mogleg fysisk og psykisk helse blant gravide, barn og unge. Tenesta skal leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge. Helsestasjon- og skulehelsetenesta er eit allment tilbod til gravide, barn og ungdom i alderen 0-20 år og deira foreldre. Tenesta skal bidra til å førebygga sjukdom og fremja god fysisk og psykisk helse. Hovudoppgåvene er helseundersøkingar, vaksinasjonar, opplysning, råd og rettleiing. Tiltak for å styrkja eigenmeistring hos barn og unge og korleis foreldra meistrar foreldrerolla, er også sentralt i arbeidet.

Helsestasjon-og skulehelsetenesta har eit heilskapleg perspektiv på førebygging og skal difor driva tverrfagleg arbeid. Arbeidet vert utført av jordmor, helsesjukepleier, lege og fysioterapeut. Det skal vera lett å oppsøkja tilbodet i helsestasjon og skulehelsetenesta, og brukarane skal oppleva at dei vert tekne på alvor med små og store helseproblem og utfordringar. Tenesta har også oppgåver knytt til miljøretta helsevern og smittevernarbeid i kommunen, som tuberkulosekontroll, reisevaksine, influensavaksinering og helsestasjon for flyktningar. Tenesta når alle familiar i kommunen i ein tidleg fase i livet. Gjennom faste  konsultasjonar frå svangerskap til ungdomstid fremmer tenesta god helse med vaksinasjon, helseundersøkingara og rettleiing, samt avdekker og sikrar riktig oppfølging for barn med utviklingsavvik.  Helsestasjon-og skulehelsetensta utgjer “grunnmuren” i det helsefremjande og førebyggjande helsearbeidet for gravide, barn og unge og foreldre.

Kommunepsykolog – barn og unge

Psykologtilbodet for barn og unge er organisert i Familiesenteret saman med familieterapeutar og utekontakt, tilsaman 5,5 stilling. Mandatet er heimla lov om Helse og Omsorgstenester, under tema helsefremjande og førebyggjande arbeid. Familiesenteret skal ha fokus på tidleg innsats og arbeida tverrfagleg, jmf strategiane for Kvam Familie- og Læringsenter (KFL) og planverk elles. Oppgåvene til psykologen er delt mellom allmennpsykologisk, og helsefremjande/førebyggjande arbeid, både på individ- og systemnivå. Tilbodet skal vera lett tilgjengeleg, ikkje ha krav til skriftleg tilvising, og skal bidra til at barn og unge får rask vurdering av behovet for psykisk helsehjelp og «rett hjelp til rett tid». Ved behov, kan psykologen tilvisa til psykisk helsevern for barn og unge, på linje med fastlege og barnevernsteneste. Tilbodet omfattar psykisk helsehjelp for lette og moderate vanskar i form av kortvarig hjelp, støttesamtalar, rettleiing til føresette, barnehage/skule og andre kommunale tenester. Psykologen samarbeider tett med dei andre fagpersonane i Familiesenteret og andre avdelingar i KFL. Tilgang til psykologkompetanse vart lovpålagt i kommunane i 2020.

Familiesenteret skal prioritera veiledning til familiar som har kontakt med barnevernstenesta, jmf barnevernlova, § 3-1 Frivillige hjelpetiltak. Familiesenteret kan også gje tilbod om veiledning og kurs til foreldre som sjølv tek kontakt eller som er tilvist frå andre tenester enn barnevernet. Utekontakt driftar treffstaden Ungdomsbasen og er sentral i arbeidet med mellom anna Ung Fritid og Fritidskortet.