Barnehagar

Tenesteområdet barnehage gjeld både kommunal og privat barnehage. I Kvam er det seks kommunale barnehagar og ein privat barnehage.

Barnehagelova med tilhøyrande forskrifter styrer barnehagesektoren. Kvam herad er barnehagemynde for alle barnehagane og eigar av dei kommunale barnehagane. Heradet har ansvar for å tildela offentleg tilskot til den private barnehagen. 


Leiar for barnehage er barnehageeigar og har ansvar for leiing av dei kommunale barnehagane og at barnehagane vert drivne i samsvar med gjeldande lover og forskrifter. Barnehagemynde skal gje rettleiing og sikra at barnehagane vert drive i samsvar med gjeldande regelverk. I tillegg har dei ansvar for godkjenning, tilsyn, ivaretaking og rapportering av alle statlege føringar både for kommunale og private barnehagar.


Barnehagen som organisasjon har vore gjennom store endringar dei siste tiåra. Det er større krav til kvalitet og det er eit tydeleg krav at barnehagane skal gje alle barn eit godt grunnlag for livsmeistring og livslang læring. Rammeplan for barnehage tek utgangspunkt i eit heilskapleg læringssyn der omsorg, leik, læring og danning er sentralt. Planen har tydeleg krav til tilsette sitt verdi- og haldningsarbeid, og gjev tydelege føringar på at innhaldet i barnehagen skal ta utgangspunkt i barna sine interesser og medverknad. 

Visjonen til dei kommunale barnehagane er: «Me skapar gode barndomsminne og livsglede». 

Barnehagane i Kvam har fokus på førebygging og tidleg innsats, og har tilsett spesialpedagogar i kvar barnehage. Spesialpedagogen skal jobba med førebygging, kompetanseheving/ rettleiing, inkluderingsarbeid og enkeltvedtaksarbeid.  

 

PPT skal arbeida for barn, foreldre og tilsette i barnehage/skule, både på individ- og systemnivå, i høve sakkunnig vurdering, kompetanseheving og organisasjonsutvikling. PPT gjer sakkunnig vurdering etter §31 i barnehagelova, og dei arbeider med tidleg innsats inn mot alle barnehagar, for å styrkja dei til både å oppdaga tidleg og setja inn tiltak tidleg.

Barn som har behov for ekstra oppfylging har rettar etter barnehagelova §31; «Rett til spesialpedagogisk hjelp». Kommunen skal fatta vedtak om tilrettelegging for barn med nedsett funksjonsevne.