Botnen skulehus

Skulehuset i Botnen er normalt tilgjengeleg for utleige mellom 1. mai og fram til og med haustferien. Skuleklassar har prioritet ved utleige i vekedagar.

  

Tinging av skulehuset skjer via e-post til postmottak@kvam.kommune.no 
eller i resepsjonen på rådhuset, der nøkkel også vert levert ut og attende i opningstida.

Leige av skulehuset kostar 880,- per døgn frå 1. feb 2023 (leiga vert indeksregulert årleg), rekna frå kl. 14.00 frå fyrste dag og til siste leigedag.
Tilsette i Kvam herad får 50 prosent rabatt, og kommunale skular og barnehagar kan leiga skulebygget gratis.

Betaling skjer ved at økonomikontoret sender ut rekning i midten av leigemånaden med forfall ca. den 30. eller månaden etter. Leigesummen på fakturaen er den totale summen rekna ut for leigeopphaldet.

Detaljar:

  • Det er 12 senger i skulehuset
  • Dyner og puter, men brukarar må sjølv ha med sengetøy
  • Det er kjøkenutstyr til 12 personar
  • Dersom større grupper nyttar skulen må dei ta med ekstra forbruksmateriell til toalett og reinhald, service osv. 

 

Leige bygg

Retningsliner for utleige av kommunal eigedom