Logoped

Logopedane gjev hjelp til barn og ungdom fra 0 – 16 år som har vanskar med uttale/språklydar, taleflyt og/eller stemme

Me kan hjelpa med å:

  • Rettleia foreldre eller personalet i barnehage og skule.
  • Gje barnet direkte trening på bakgrunn av logopedisk utgreiing. Hjelpa kan gjevast heime, på skulen/ i barnehagen eller hjå logopeden.
  • Gje lågterskeltilbod på opp til 10 timar etter vurderingssamtale med logoped. 

Korleis får du hjelp frå kommunelogoped? 

Dersom du lurer på om saka bør tilvisast til logopedtenesta, kan du ta kontakt med logopeden eller ta det opp med barnehage/skule. 

Slik går du fram ved tilvising

Foreldre, barnehage eller skule kan tilvisa barnet til logoped.  Føresette må samtykka i tilvisinga.

Tilvisingsskjema i Word- og PDF-format:

Tenesta er gratis