Toloheimen gr 3 vest

Gruppe 3 ligg i 2.etg på Toloheimen i Norheimsund, og er ei langtidsavdeling for personar med demenssjukdom.

  • 16 langtidsplassar

Avdelinga legg vekt på å ha ein roleg atmosfære for bebuarane slik at dei skal kjenna seg trygge. Avdelinga har ei stabil personalgruppe med god kompetanse. På avdelinga er det samla ein del gamle ting som bebuarane kjenner att og som vekkjer gode minner. 

For gruppe aust er det særskilde kriterium ved tildeling av langtidsplass som er vedtekne i Heradstyre i 2017;

  • brukar som har behov for særskilt oppfølging og tilsyn
  • brukar som har kognitiv restfunksjon og som kan ha glede av og som kan nyttiggjera seg miljøtiltak
  • brukar som har særskilt trong for skjerming

Gruppe aust har altan med direkte utgang frå avdelinga. Altanen vert mykje brukt på sommaren. Blomestell og vatning er trivelege aktivitetar, og kaffestund eller ei lita samling ute på føremiddagen.

Tilbod

  • hjelp til å koma ut på tur
  • taxisykkel til utebruk
  • frisør kjem på Toloheimen ved behov
  • fotpleiar kjem på Toloheimen ved behov
  • tilsynslege kvar onsdag og ellers ved behov
  • fysioterapi etter behov
  • kjøkken med felles måltid
  • gratis tannpleie med hjelp til bestilling av time. Tannpleiar kjem på avdelinga ein gong i året
  • andakt ein til to gonger i månaden. Prest er tilgjengeleg ved behov
  • Norheimsund indremisjon har søndagsmøte ein søndag i månaden
  • besøk av FUS barnehage 2 gonger i månaden
  • trim etter musikk kvar føremiddag
  • ballongleik, spel og andre aktivitetar tilpassa kvar enkelt
  • pianospel ein gong i månaden i regi av Grannehjelpa
  • song med bebuarane 1-2 gonger i månaden i regi av Grannehjelpa
  • besøksven i regi av Grannehjelpa

Måltid

Middag vert levert frå Matvarehuset. Frukost, lunsj og kveldsmat lagar me sjølv på felleskjøkken.

Gruppe 3 vest har fokus på ernæring og vektlegg trivelege rammer rundt måltida. Bord vert dekt og pynta etter årstid.

Toloheimen gr 3
Telefon 90 36 21 83

Gruppeleiar
Anne Berit Torsvik
Man- fredag: 0730 - 1530
Telefon: 993 49 586
Epost: anntos@kvam.kommune.no

Adresse
Toloheimen
Nedre Norheim 44
5600 Norheimsund