Grunnskuleopplæring

Grunnskuledrifta vert regulert av gjeldande Lov om grunnskolen, opplæringslova, og forskrifter, samt Kunnskapsdepartementet sine merknader til paragrafane i lova. Lova handlar om rettar og plikter knytt til opplæring og skulegang i Noreg. Formålsparagrafen § 1-1: Opplæringa i skole og lærebedrift skal, i samarbeid og forståing med heimen, opne dører mot verda og framtida og gi elevane og lærlingane historisk og kulturell innsikt og forankring.

Det er seks kommunale og ein privat grunnskule i Kvam i tillegg til Vaksenopplæring;

  • Strandebarm skule 1-10  
  • Kvam ungdomsskule 8-10
  • Norheimsund skule 1-7
  • Øystese skule 1-7    
  • Tørvikbygd skule 1-7 
  • Ålvik skule 1-7
  • Norheimsund friskule 1-10 
  • Vaksenopplæringa, grunnskule vaksne

Kvammaskulane har pr. 05.03.24 (tal henta frå GSI): 

  • 1004 elevar
  • 11,66 årsverk til administrative og pedagogiske leiaroppgåver
  • 2,65 årsverk kontorteknisk personale
  • 98,38 årsverk til undervisning
  • 20,17 årsverk fagarbeidarar/assistentar
  • 11,77 årsverk knytt til SFO

Skulane i Kvam jobbar godt og samvitsfullt med inkluderande undervisning, variasjon i undervisningsmåtane og å skapa eit trygt og godt skulemiljø. Elevmedverknad er viktig for at elevane skal ha eigarskap til skulen og arbeidskvardagen sin.

Me er nøgde med at me har godt kvalifiserte tilsette, som og søkjer vidareutdanning for å møta kompetansekrava i 2025. Nasjonale prøvar og elevundersøkingane vert følgt opp på skulane, og dei set inn tiltak og mål for kontinuerleg forbetring.

Grunnskulane i Kvam er med i oppfølgingsordninga i regi av Udir og Statsforvaltaren frå hausten 2022-2025. Dette gjer at skulane får hjelp til utviklingsarbeid frå kompetansemiljø innan trygt og godt skulemiljø, inkluderande undervisning og støtte til leiarane.

Me ser at me jobbar ulikt i skulane i Kvam, men me er i utvikling mot ein sterkare Kvammaskule med felles rutinar og samarbeid om utviklingsområde og planleggingsdagar. Samstundes skal den einskilde skule ha rom til å utvikla profesjonelle læringsfellesskap på sin skule i tråd med Kunnskapsløftet 2020. 

Alt utviklingsarbeid krev tid og tolmod, og i ein så stor organisasjon som skule, tek implementering av nye system, arbeidsmåtar og rutinar tid.

Vaksenopplæringa

Kommunen har og ansvar for opplæring spesielt organisert for vaksne. Vaksenopplæringa er heimla i opplæringslova kapittel 4A og introduksjonslova/ integreringslova og skal gje tilbod om:

  • Grunnleggjande opplæring i norsk/samfunnskunnskap etter introduksjonslova
  • Grunnskuleopplæring for vaksne som ikkje har vitnemål eller treng fornya grunnskuleopplæring
  • Spesialpedagogisk avdeling for vaksne etter sakkunnig vurderi
  • Realkompetansevurdering for vaksne på grunnskulen sitt område

PPT

PPT er heimla i Opplæringslova § 5-6: Kvar kommune skal ha ei pedagogisk psykologisk teneste. Tenesta skal sørgja for at det vert utarbeidd sakkunnig vurdering der lova krev det, og tenesta skal hjelpa barnehage og skule i arbeidet med kompetanseheving og organisasjonsutvikling for å bidra til ei inkluderande opplæring for alle elevar, og vera med å sikre ei likeverdig opplæring for elevar med særlege behov. PPT skal gjere ei sakkunnig vurdering for  born som ikkje gjer seg nytte av det ordinære opplæringstilbodet.

Spesialundervisning er ein individuell rett . Ved også å ha fokus på å styrka kvaliteten i det ordinære opplæringstilbodet i Kvam Herad, er sannsynet for redusert behov for spesialundervisning stor. Derfor er PPT også ein sentral aktør i arbeidet med å implementera støttesystemet på skulane i Kvam – for å styrkja kvaliteten i ordinær opplæring.