Utbyggingsstrategi for Helse og omsorg 2017-2030

Dette dokumentet definerer dei viktigaste utbyggingsbehova i helse og omsorgstenesta i perioden 2017 – 2030. Føremålet med dokumentet er å kartleggja brukarane sine behov og planleggja utbygging for framtida når det gjeld kommunen sitt ansvar for butilbod. Behova er vanskelege å berekna, både fordi omsorgssektoren er i ei rivande utvikling, eldre er friskare enn før og fordi ny teknologi og innovative løysingar betyr at omsorgstenestene i framtid kan sjå heilt annleis ut.