Kvam herad har læreplassar som kvalifiserer til følgjande fagbrev:
Helsefagarbeidar
Det vil vera eit stort behov for helsefagarbeidarar i åra framover og Kvam herad satsar på rekruttering av lærlingar innan dette faget.
Det er til ei kvar tid omlag 15-20 helsefagarbeidarlærlingar under utdanning i kommunen. Det vert rekruttert nye lærlingar årleg - i hovudsak med 2-årig læretid, men også som TAF-lærling eller til eit individuelt tilpassa opplæringsløp.
Kvam herad legg til rette for fast tilsette som ønskjer å kvalifisera seg som helsefagarbeidar. Det er krav om 5 års praksis i 100% stilling for å kunne gå opp til fagprøve. I tillegg må du ha teorieksamen for helsearbeidarfaget.
Barne og ungdomsarbeidar
Kommunen har 15-20 læreplassar innan barne- og ungdomsfaget. Det vert lyst ut læreplassar kvar vår der aktuelle kandidatar kan søkja.
I samarbeid med opplæringskontoret legg Kvam herad også til rette for teoriundervisning for fast tilsette som har praksis og som ønskjer åta fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar.
Kontor og administrasjon
Kommunen har ikkje fast læreplass innan dette faget, men tek i mot søknadar.
IKT-service
Kommunen har ikkje fast læreplass innan dette faget, men tek i mot søknadar.
Byggdrift
Kommunen har ikkje fast læreplass innan dette faget, men tek i mot søknadar.
Reinhaldsoperatør
Kommunen ønskjer fleire tilsette med fagbrev innan reinhaldsfaget og legg til rette for fast tilsette som ønskjer å ta fagbrev i kombinasjon med arbeid.
Korleis søkjer du læreplass hos oss?
Kvam herad lyser ut ledige læreplassar og har felles søknadsfrist med dei andre kommunane i Voss og Hardanger.
Søknadsfristen for ordinær læreplass er 1. mars.
Handalag opplæringskontor i Norheimsund formidlar og administrerer lærlingar i dei ulike faga for Kvam herad. Dersom du vil søkja læreplass hos oss, tek du kontakt med opplæringskontoret. Meir informasjon finn du her.