Pleie og omsorg

Pleie- og omsorgstenesta yt individuell hjelp til dei som treng omsorg, behandling og pleie. Tenesta yt hjelp til personar i alle aldersgrupper. Dei største gruppene er eldre, personar med utviklingshemming og personar med psykiske vanskar og/eller rusproblem. Dei siste åra har det vore ein auke i brukargruppa under 67 år, særleg barn og unge. Me opplever at denne gruppa ofte har meir samansette behov og at dei treng omfattande hjelp og støtte.

Pleie og omsorg opplever også ein auke i tal personar med demens. Fleire vert diagnostisert tidleg og fleire yngre brukarar har behov for hjelp og støtte i kvardagen. Dette er ei brukargruppe der det er spesielt viktig med individuelt tilpassa tilbod og god dialog og samhandling med både pasient og pårørande.

Pleie- og omsorgstenesta har som overordna mål at innbyggjarane skal få hjelp på Beste Effektive Omsorgsnivå ( BEON). Det betyr mellom anna at flest mogleg skal få bu heime lengst mogleg.  Heile helse- og omsorgstenesta må arbeida målretta for å nå dette målet, og det er viktig at «omsorgstrappa» frå hjelp i heimen til spesialisert sjukeheimstilbod fungerer. Samhandlingsreforma og Primærhelsemeldinga legg føringar for at fleire oppgåver skal flyttast frå sjukehus til kommune og at kommunane skal leggja til rette for «Pasienten si helseteneste». Kvam har tilpassa seg dei sentrale føringane og har ei fagleg sterk pleie- og omsorgsteneste og god samhandling mellom helsepersonellet internt i kommunen og mot sjukehusa.

På bakgrunn av økonomiske utfordringar i pleie og omsorg over fleire år vart det i 2018 gjennomført ein analyse av tenesta.  Analysen peika på utfordringsbilde kommunen står overfor, og kjem med ei rekkje tilrådingar innan både praksis for tildeling av tenester, praksis for fordeling av ressursar og organisering. Analysen vart handsama politisk og det vart vedteke at det skulle opprettast eit administrativt omstillingsprosjekt. Det interne prosjektet «Eit godt liv der me bur- tenester for framtida, meistring og deltaking» vart oppretta i 2019 og det vart endra frå å vera eit omstillingsprosjekt til eit utviklingsprosjekt. Leiarar og representantar frå dei tilsette inkludert vernetenesta deltek i dette arbeidet som framleis pågår. Sentralt i prosjektet er å etablera ny omsorgsmodell i pleie og omsorg. Kommunen må satsa meir på tiltak som gjer at fleire kan klara seg sjølve og verta buande i eigen heim lenger.

Viktige tema i utviklingsprosjektet:

  • sakshandsaming med god kvalitet etter BEON-prinsipp ( beste-effektive-omsorgsnivå)
  • større ansvar for eiga helse - frå passiv mottakar til aktiv deltakar
  • auka satsing på rehabilitering
  • digitalisering  av arbeidsprosessar og auka bruk av velferdsteknologi
  • auka satsing på meistring og ambulante heimetenester
  • struktur og organisering-  arbeidstidplanlegging, gruppestørrelse, leiarspenn, heiltidskultur, kompetanse m.m.

I 2020 vart det gjennomført omfattande strukturtiltak med ny organisering, ny leiar- og gruppestruktur og ny modell for budsjettering. Målet med ny struktur er å sikra meir heilheitleg ansvar for tenester til dei ulike brukargruppene. Det er nødvendig med auka fokus på eigenmestring, førebygging og rehabilitering med mål om at brukarane skal oppleva auka livskvalitet, sjølvstende og mindre behov for helseteneste.

Ny organisering skal, i tillegg til meir kostnadseffektive tenester, sikra god praksis, god kvalitet og god samhandling på alle nivå. Pleie og omsorg er no organisert i dei tre avdelingane:

  • Tenester til heimebuande
  • Heildøgn-tenester
  • Tenester til menneske med utviklingshemming.

Tenestekontoret for helse og omsorg er ein viktig samarbeidspart for pleie og omsorgstenesta. Kontoret er lokalisert på rådhuset og har som si viktigaste oppgåve å sakshandsama søknader om pleie og omsorgstenester. Kontoret er kontaktpunkt for spesialisthelsetenesta mot kommunen. Andre oppgåver er:

  • koordinerande eining ( vera kontaktpunkt og ha oversikt over tenestetilbod i kommunen)
  • merkantil støttefunksjon for avdelingar og grupper
  • sakshandsaming av bustøtte
  • utrekning av vederlag for langtidsplass i institusjon
  • fagutviklingssjukepleiar som samarbeider tett med leiarane i helse og omsorg om kompetanseplanar og kompetansepakkar for tilsette 
  • koordinatoroppgåver for innkjøp i helse og omsorg
  • prosjektarbeid, t.d. velferdsteknologi
  • systemansvar for elektroniske fagsystem og opplæring knytt til desse
  • oppgåver knytt til iplos og KOSTRA-rapportering
  • systemansvar for internt kvalitetssystem

Tenester til heimebuande har ansvar for tenestetilbod til heimebuande, dagtilbod og korttidstilbod. Avdelinga er organisert i gruppene:

  • Nye Kvam heimetenester
  • Kvam rehabilitering- og behandlingsavdeling (KRB)
  • Dagtilbod Øysteseheimen og Ålvik
  • Natt-tenesta

Tenester til heimebuande har base på Toloheimen og har om lag 80 årsverk.

Nye Kvam heimeteneste har ansvar for ambulante tenester i Ålvik, Øystese og Norheimsund og tilbyr heimesjukepleie og heimehjelp for om lag 200 brukarar. Gruppa har fokus på fagutvikling og erfaringsdeling for å bygge ei teneste som gjer at det å bu heime vert eit reellt alternativ til tenester høgare oppe i omsorgstrappa. Kvam heimeteneste har god sjukepleiefagleg kompetanse og skal også vera ein ressurs for omsorgsbustadane med heildøgnsomsorg. 

Kvam rehabilitering-og behandlingsavdeling  er kommunen si korttidsavdeling. Den er lokalisert i 2. etg på Toloheimen.  Avdelinga har 16 senger og gjev tilbod om utgreiingsopphald, behandling, rehabilitering, avlastning og omsorg ved livets slutt (palliasjon). Ei seng vert nytta til øyeblikkeleg hjelp døgntilbod (ØHD-seng). Kvam herad har avtale med Helse Bergen om ØHDøgntilbod og samarbeidsavtale med Voss herad om dette tilbodet på natt. Avdelinga er eit lokalt helsetilbod der kommunen mellom anna samarbeider med helseføretaket om tenester før og/eller etter sjukehusinnlegging.

Kommunen tek i dag imot sjukare og meir behandlingskrevjande pasientar enn tidlegare. Pasientane er ofte alvorleg sjuke og har eit komplekst sjukdomsbilete som krev avansert behandling.

Dersom avdelinga skal fungera etter intensjonen, er det viktig med eit sterkt tverrfagleg miljø og eit godt samarbeid med resten av pleie- og omsorgstenesta, ergo- og fysioterapitenesta og legetenesta. Det er viktig at pasientar som er ferdigbehandla i avdelinga kan tildelast anna kommunalt tilbod utan ventetid, dersom dei ikkje kan tilbake til eigen heim.

Dagtilbod: Det er dagtilbod for eldre på Strandebarmheimen, Øysteseheimen og i Ålvik omsorg.

I Strandebarm er det 13 plassar og i Ålvik 10. Dagtilbodet på Øysteseheimen har 50 plassar der omlag halvparten er tilrettelagt for personar med demenssjukdom.

Pleie og omsorg har tilbod om middaglevering til heimebuande og har avtale med ekstern leverandør om matlevering til heildøgnsplassar og i heimetenesta. Pleie og omsorg har tildelingsansvar for om lag 90 trygde-og omsorgsbustader for utleige og tildeling vert gjennomført i tverrfagleg møte.

Lokalt hjelpemiddellager er lokalisert på Toloheimen. Servicemedarbeidar og ergoterapeut arbeider ved lageret og har ansvar for utlån av tekniske hjelpemidlar både for kortvarig og langvarig behov. Det lokale hjelpemiddellageret har nært samarbeid med Hjelpemiddelsentralen i Hordaland.

Kreftkoordinator yt tilbod til både heimebuande og dei som er på institusjon og har kontor på Toloheimen.

Det er 100% stilling for sjukeheimslege på Toloheimen. Sjukeheimslegen har oppgåver knytt til pasientar, systemarbeid og samarbeidsoppgåver, både internt og eksternt.

Ved Øysteseheimen og Strandebarmheimen er det sjukeheimslegar i deltidsstillingar.

Heildøgnstenester har ansvar for heildøgnstenestene i kommunen. Avdelinga har om lag 90 årsverk  og er organisert i gruppene:

  • Langtidsavdeling Toloheimen, 16 senger
  • Langtidsavdeling Øysteseheimen, 28 senger
  • Tolo omsorg med 32 heildøgns omsorgsbustader
  • Mikjelsflaten omsorg med 31 heildøgns omsorgsbustader ( 6 tilrettelagt for ektepar)

Strandebarmheimen med 13 langtidssenger og heimetenesta i Strandebarm. Heimetenestetilbodet i Strandebarm er organisert saman med institusjonstilbodet og høyrer difor til i avdeling Heildøgnstenester, men samarbeider tett med avdeling Tenester for heimebuande og Kvam heimetenester.

Tenester til menneske med utviklingshemming har ansvar for tenestetilbodet til menneske med utviklingshemming. Avdelinga er organisert i gruppene:

  • Kalhagen omsorg og ambulante tenester i Norheimsund og Øystese
  • Bufellesskap i Øystese
  • Tolomarka omsorg og avlastningstilbod
  • Dagtilbod Øysteseheimen

Avdelinga gir tilbod til om lag 60 brukarar og har omlag 60 årsverk. Tenesta har tett samarbeid med Hardanger AKS der fleire av brukarane har tilrettelagt arbeid. I tillegg er det dagaktivitetstilbod ved dagsenteret på Øysteseheimen.

Tenester til menneske med utviklingshemming er breitt tverrfagleg samansett. I tillegg til vernepleiarar og helsefagarbeidarar er det tilsette med fylgjande kompetanse; lærar, pedagog, sosiolog, aktivitør, barne- og ungdomsarbeidar, sosionom, barnehagelærar og  musikkterapeut.

Kvam lokalmedisinske senter er ei “overbygning” for fleire funksjonar som i dag er samlokaliserte på Toloheimen:

  • base for tenester til heimebuande og heildøgnstenester
  • base for kommunale fysio- og ergoterapeutar
  • korttidsavdelinga
  • øyeblikkeleg hjelp døgntilbod ( ØHD-seng)
  • lokale hjelpemiddellager
  • treningslokale for rehabiliteringspasientar
  • Kvam legevakt
  • ambulansestasjon
  • polikliniske tenester frå Helse Bergen

Samlokaliseringa legg til rette for god samhandling og godt samarbeid internt på Toloheimen og eksternt med andre samarbeidspartar i kommunen og i spesialisthelsetenesta.

Ved å samla tilbod og kompetanse under “paraplyen” Kvam lokalmedisinske senter vil heile tenesta få eit sterkare fagmiljø som styrkjer den medisinske oppfølginga av pasientane.

Rus og Psykisk helse (ROP) yt tenester til personar i heile kommunen. Avdelinga har kontor i rådhuset. Gjennom Opptrappingsplan for psykisk helse i 1998-2008 og Opptrappingsplan for rusomsorg 2014-2016 vart tenesta styrkt på fleire område. Vidare har ein gjennom statlege tilskot auka tenestetilbodet til denne brukargruppa dei siste åra.

Tilboda frå avdelinga vert gjeve på kontoret eller i klienten sin heim. Arbeidsoppgåvene spenner frå opplysningsarbeid, førebyggjande arbeid, tidleg innsats, kartlegging, oppfølging, behandling og rehabilitering av personar med både lettare psykiske vanskar, alvorleg psykisk sjukdom og rusproblematikk. Det er brei fagkompetanse i personalgruppa. Avdelinga gir lågterskel-aktivitetstilbod, driv Kafe Påfyll, gir tilbod om individuelle samtalar og ulike gruppetilbod. Avdelinga gir og tilbod ved akutte livskriser, oppfølging etter kriser og brå dødsfall. Dei tilsette har fokus på å følgje opp den fysiske helsa og sjå psykisk og fysisk helse i samanheng. Tenesta har tett samarbeid med pleie og omsorg og legetenesta lokalt, og med Voss distriktspsykiatriske senter ( Voss DPS ). Det har vore ein auke i oppgåvene siste åra og problemstillingane hos brukarane er ofte meir samansette og komplekse.

Det er eit kontinuerlig arbeid gåande for å utvikle og betre samarbeidet kring brukarar med samansette problemstillingar. Avdeling ROP deltek i prosjekt saman med Helse Bergen, for å utvikle ambulerande tenester som skal sikre like rettigheter og lik hjelp uavhengig av geografi og avstand til tenestene. Målgruppa for prosjektet er dei med alvorlege og samansette rus og psykiske lidingar. Målet for prosjektet er betre strukturert samarbeid og ei meir tilgjengeleg spesialisthelseteneste for denne pasientgruppa. Vidare er det eit mål å få på plass eit tett og godt samarbeid med dei lokale tenestene, meir struktur og meir gjensidig forplikting.

I samband med avvikling av Strandheim bufelleskap fekk avdelinga tilført 70 % stilling og avdelinga føl opp brukarane der dei no er busette. Det må arbeidast vidare for å etablere eit liknande omsorgstilbod som det me hadde, med bustader tilknytta omsorgsbase .

Avdelinga har 8,3 årsverk fordelt på psykolog, psykiatriske sjukepleiarar, sosionom med vidareutdanning i rus og psykisk helse, ruskonsulentar og miljøarbeidarar. Det er viktig å kunna tilby meiningsfulle og tilpassa aktivitetstilbod for brukargruppa med psykisk helse og rusutfordringar. Dette er ressurskrevjande då fleire har behov for individuelt tilpassa tilbod mellom anna grunna geografi/ avstand til aktuelle tilbod.

Det er sentrale føringar for at rus og psykisk helse må knyta til seg tilsette med erfaringskompetanse. Me har lukkast med å ha erfaringskonsulent i 2 år, då med statlege tilskotsmidler. Dette er eit tiltak det er ynskje om å vidareføre.