Kultur

Kulturminne

Kulturminne er ein avgrensa ressurs som ikkje kan erstattast dersom dei vert borte.  Dette gjeld for dei automatisk freda kulturminna og kulturminne av nyare dato som ikkje er freda, men som likevel er ein viktig del av vår nære historie.

Kvam er ein kommune som er rik på kulturminne. Å forvalta desse på ein god måte er eit felles ansvar. Det offentlege skal handheva lovverk, og syta for retningsliner og planar og oppfølging av desse. Kulturminne må integrerast i fleire sektorar som areal, landbruk, næring og skule. Dette må skje i samspel med privatsamfunnet, både grunneigarar og andre. Ikkje minst har og frivillige organisasjonar ei viktig rolle. Som i dei fleste samanhengar, er engasjement og samarbeid nøkkelen.

Årleg markerer Kvam herad kulturminnedagen i lag med lag og organisasjonar.

Aktivitetstilbod til born og unge

Aktivitetstilbod for born vert gjennomført som eit samarbeid i mellom fleire einingar, dette gjeld også ferie og fritid. Utfordringa ligg i å få med alle unge i aktivitetar som er tilpassa alder og interesser.  

Kvam herad har vore med pilotprosjekt for born og unge i lag med Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir), men har no si eiga ordning med frtitdskort.  Ordninga med fritidskortet skal bidra til å dekka deltakaravgift til faste, jamlege organiserte fritidsaktivitetar for born og unge.  Fritidskortet skal vera  eit universelt tilbod til alle born busett i kommunen i alderen 6 til fylte 18 år. Samtidig skal det arbeidast særskilt med å få utsette grupper som i utgangspunktet har låg  deltaking, til å nytta kortet. Målet med ordninga er å gje alle unge eit godt tilbod for alle.

Bibliotek

Bibliotek er ei lovpålagt teneste for kommunane og er ein viktig del av kunnskaps- og kulturpolitikken.  Biblioteket er eit kulturelt senter i heradet og fungerer som ein viktig møtestad.  

Kvam bibliotek har 2.97 årsverk og er organisert med hovudbibliotek i Norheimsund og avdelingar i Ålvik og Strandebarm.

I tillegg til tradisjonelle bibliotekoppgåver tilbyr Kvam bibliotek lån av e-bøker og e-lydbøker gjennom appen Bookbites. Ved å logge deg inn på «mine sider» på biblioteket i heimeside, får du tilgang til nyaste aviser og vekeblad på mange språk. Biblioteket arrangerer forfattartreff, språktreff og digitale temareff.

På biblioteket er det gratis og ope for alle og gjev kjensle av sosial velferd og fellesskap.

Kino

Kvam herad har kinosal i Ungdomshallen i Norheimsund sentrum, med filmframvisingar fleire gonger i veka.  Det vert og vist bygdekino i Strandebarm.  

Museum

Hardanger og Voss museum organiserer Hardanger fartøyvernsenter, Kabuso, Ingebrikt Vikmuseum og Kvam bygdemuseum, som mellom anna omfattar Borgstova i Vikøy prestegard og Storeteigen i Øystese. I Kvam har me også eigne museum som Ålvik industriarbeidermuseum og Vikøy skulemuseum. Kabuso driv Storeteigen. Tørvikbygd bygdemuseum er eigd av Tørvikbygd ungdomslag.

Kunstformidling

Kvam herad yter tilskot til ulike lag og organisasjonar i kommunen. Det gjeld mellom anna Kunstnarhuset Messen i Ålvik, som husar kunstnarar i frå inn- og utland.

Idrett og tilskot til andre sine idrettsanlegg

Kommunen har og ansvaret for oppdaterte planar for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet, for å skaffa spelemidlar idretts- og nærmiljøanlegga i kommunen.  Kommunen har og eigne tilskotsmidlar og faste tilskot til drift av idrettsanlegg i kommunen.

Kommunale idrettsbygg og idrettsanlegg

Kvam herad eig og driv mange idrettsanlegg i kommunen, men det er òg anlegg som vert eigd og drive av private lag og organisasjonar.

Søknad om faste treningstider vert gjennomført kvar år. Laga søkjer om ynskt tidspunkt og kommunen sett opp ein timeplan basert på ynskje frå laga, variasjon i aktivitetar. Barn og unge samt personar med nedsett funksjonsevne, vert prioritert.

For å leiga hallen må alle treningsgrupper ha ein ansvarleg vaksenperson til stades under treninga. Denne personen må ha gjennomført digitalt leigetakarkurs (nyttar KS-læring som plattform).

Musikk- og kulturskule

Alle kommunar skal ha eit musikk- og kulturskuletilbod (Opplæringslova § 13-6).

Kulturskulen gjev undervisning til om lag 400 enkeltelevar. Dei fleste av desse i grunnskulealder. Kulturskulen har også elevar i vidaregåande skule, og vaksne elevar. I tillegg til elevane som får ordinær kulturskuleundervisning, formidlar kulturskulen også dirigent- og instruktørtenester til fleire korps og kor i heradet. Kulturskulen driv også eigne kor: gutekoret Gullgutane, damekoret Fryd, barnekor i Strandebarm og A-laget – eit kor for personar med psykisk utviklingshemming. Tilsette på kulturskulen er også sentrale i språkopplæringstiltak ved Vaksenopplæringa med faget Norsk med musisk vri.

Det vert i kulturskulen sin regi gitt undervisning på Ålvik skule, Øystese skule, Kvam ungdomskule, Norheimsund skule, Norheimsund friskule, Tørvikbygd skule og Strandebarm skule. Undervisningstilbodet på dei ulike stadane vert bestemt med bakgrunn i elevmassen ved søknadsfristen 1. juni

Kvam kulturskule har ei lærarsamansetning og ein samla kompetanse som gjev tilbod om undervisning i meir enn 40 ulike disiplinar!

Kvam kulturskule administrerer også Den kulturelle skulesekken i Kvam (DKS). Tilbodet skal dekka 1.-10.trinn. DKS er ei nasjonal ordning som skal sikra elevar i grunnskulen møte med profesjonell kunst og kultur. Ordninga er finansiert med overskot av spelemidlar frå Norsk Tipping og fylkeskommunale driftsmidlar.

DKS har samarbeid med Kabuso, Hardanger Fartøyvernsenter og Kvam kino.

 

Andre kulturaktivitetar, tilskot andre sine kulturbygg

Kvam herad bidreg med tilskot til lokale kulturbygg i kommunen.

Kommunale kulturbygg

Reinhald, forvaltning og drift av eigne kulturbygg som Kvam kino og Ingebrigt Vik Museum