Kvam ungdomsråd

Kvam ungdomsråd 2024 Kari Weltzien Vik

     

Kvam ungdomsråd er eit rådgjevande og lovpålagt folkevalt organ, som er sett saman av 9 ungdomar som representerer aldersgruppa 13- 19 år. Representantane er valde frå Strandebarm skule, Norheimsund Friskule, Kvam ungdomsskule, dei vidaregåande skulane i Kvam og Ungdomsbasen i Norheimsund. Kvar representant er valt for ein periode på 2 år og skal ikkje ha fylt 19 år på valtidspunktet. I tillegg er det vald ein representant frå Kvam heradsstyre som er valt for ein periode på 4 år som tilsvarar heradsstyreperioden.

Ungdomsrådet skal arbeida for å skapa best mogeleg ungdomsmiljø i Kvam. Rådet kan uttala seg i saker som gjeld ungdom før desse vert politisk handsama og vedtekne. Det kan i tillegg ta opp saker og fremja forslag for politiske organ som gjeld barn og unge sin kvardag.

Ungdomsrådet kan arbeida med konkrete aktivitetar og prosjekt knytt til barn og unge. 

Kvam ungdomsråd har møte- og talerett i Kvam formannskap og Kvam heradsstyre sine møte i dei saker som kjem inn under ungdomsrådet sitt arbeidsområde. 

På Kvam heradsstyre sitt møte 7.12.2023 vart samansetjinga av ungdomsrådet for hausten 2023- hausten 2024 formelt vedteke. Kvam ungdomsråd konstituerte seg 15.1.2024. Ida Djupevåg frå Kvam vidaregåande skule vart vald til leiar og Vegard Eide Aase frå Strandebarm skule vart valt til nestleiar. Vegard Eide Aase er også valt til leiar for Hardanger ungdomsråd, regionsrådet for alle ungdomsråda i Hardanger for perioden 2024-2025. 

Du kan følgja med på aktiviteten til Kvam ungdomsråd på Instagram

Sjå også:

Kvam ungdomsråd er også medlem i Hardanger og Voss ungdomsråd.

 

Oversikt representantar hausten 2023- hausten 2024

Funksjon: Namn: Vararepresentant(ar): Tilrådd frå:
Leiar Ida Djupevåg 

1. Lars Kristian Høydal 

2. Morgan Augestad Ljones

Kvam vidaregåande skule
Nestleiar Vegard Eide Aase 

1.Markus Elias Fosse 

Strandebarm skule 
Medlem Celina Huun 

1. Sondre Fagerheim Lunestad 

2. Lisbeth  M. Lingener 

Kvam ungdomsskule
Medlem Hallvard Valland Norheim

1. Sondre Fagerheim Lunestad 

2. Lisbeth  M. Lingener 

Kvam ungdomsskule
Medlem Erlend Bergesen Gravdal   Maylinn Kathrine Håland  Norheimsund Friskule
Medlem Isak Honningsvåg Vik 

1. Lars Kristian Høydal 

2. Morgan Augestad Ljones

Kvam vidaregåande skule
Medlem Henrikke Steine 

1. Lars Kristian Høydal 

2. Morgan Augestad Ljones

Kvam vidaregåande skule
Medlem Liselotte Lehmbre Victoria Høyland Framnes Kristne Vidaregåande skule
Medlem  Viljar Botnen  Alexander Nitter  Ungdomsbase

 

Politiske representantar valt frå Kvam heradsstyre perioden 2023-2027:

  1. Johanne Neteland, Sp - personleg vara: Heidi Fanebust, FrP 

Koordinator og kontaktperson for Kvam ungdomsråd:

Kari Weltzien Vik, administrativ rådgjevar

E-post: kwvi@kvam.kommune.no 

tlf: 995 43 057

Artikkelliste