Logoped

Logopedane gjev hjelp til barn og ungdom fra 0 – 16 år som har vanskar med uttale/språklydar, taleflyt og/eller stemme.

Logopeden kan hjelpa med å:

  • Rettleia foreldre eller personalet i barnehage og skule.
  • Gje barnet direkte trening på bakgrunn av logopedisk utgreiing. Hjelpa kan gjevast heime, på skulen/ i barnehagen eller hjå logopeden.
  • Kartleggja for ei eventuell vidare tilvising.

Konsultasjon

Dersom du er i tvil om barnet ditt  bør tilvisast til logopedtenesta, kan du ta kontakt med logopedane eller ta det opp med barnehage/skulen.

Slik går du fram ved tilvising

Foreldre, barnehage eller skule kan tilvisa barnet til logoped.  Føresette må samtykka i tilvisinga.

Tilvisingsskjema i Word- og PDF-format:

Tenesta er gratis.

Gunvor Frantzen Ulltang
Leiar PPT
E-post
Telefon 56 55 30 56