Gul liste

Gul liste er kommunen  si eiga liste over miljø som har lokal kulturhistorisk verdi, men den inneheld også område og bygg som kjem inn under kulturminnelova og plan- og bygningslova. 

Gul liste inneber ikkje noko formelt vern, men viser viktige område, som har lokal kulturhistorisk verdi, der desse verdiane skal verta verdsett og takast omsyn til ved byggeprosjekt og planlegging.

Den gule lista er delt inn etter tema. Snarvegar:

Hus, gard og tun

Tørvikbygd bygdemuseum Knut Markhus Temaet omfattar fyrst og fremst hus og miljø som høyrer til innanfor det tradisjonelle gardssamfunnet i Kvam. Går me litt tilbake i tid, var store deler av Kvam utprega bondesamfunn. Husa i gardstuna, særleg våningshusa og løene, prega korleis grendene såg ut. Jamt over var nøkternheit eit stikkord då bygga vart sette opp. Dei skulle fylla ein funksjon, og vart gjerne utvida når situasjonen tilsa det. Samstundes føydde utforminga av husa seg inn i ein stil som i noko grad hadde eit lokalt preg, med gjengs estetiske ideal. Uthus i grindverk, samanbygde hus og skifertak er mellom dei trekka som sermerker Kvam.

Tapet av tradisjonelle gardshus er stort i Kvam. Det er eit kulturminnetap, og tap av viktige estetiske element. Framover må det sikrast at bygningar av dette slaget i større grad vert teke vare på. Vern gjennom bruk må vera hovudstrategi, og i det ligg det at det i mange tilfelle bør vera opning for å gjera moderne tilpassingar og kombinera gamalt og nytt.

Gul liste:

  • Nestunet, Mundheim (gnr 140 bnr 3) – tradisjonelt tun med eldre bygningar, dels med opphavleg plassering og dels slike som er flytta til tunet seinare og restaurerte
  • Omaholmen (gnr. 132 bnr. 5 mfl.)
  • Tørvikbygd bygdemuseum (gnr 87 bnr 27), museet har mellom anna ei røykstove frå 1500-talet og eit kvernhus (eigd av Tørvikbygd ungdomslag)
  • Nes gard, Norheimsund (gnr 34 bnr 1) – tidlegare lensmannsgard med fleire eldre bygningar
  • Storeteigen,(gnr 42 bnr 20)  Øystese – godt bevart gardstun
  • Tangerås, Strandebarm (gnr 121 bnr 3) – tun med våningshus i sveitserstil (Kinckhuset), eldre eldhus, bu og skule i eit heilskapleg kulturlandskap
  • Vikøy prestegard  (gnr 7 bnr 257, gnr 7 bnr 1,  gnr 7 bnr 209 m.fl)–  delar av  prestegardstunet er freda etter kulturminnelova, men er og ein del av eit større kulturmiljø som òg inneheld Vikøy kyrkje, kyrkjegarden, Vikøy skulemuseum og naustrekkja ved fjorden
  • Norheim, Norheimsund  (gnr 31 bnr 8)– grindbygd løe med nokre stavar frå mellomalderen
  • Eikehaugen, Steinsdalen  (gnr 19 bnr 714)– husmannsplass med samanbygt hus
  • Krossnes, Vikøy (gnr 4 bnr 10) – samanbygt hus
  • Eikeli, Øystese (gnr 45 bnr 1) – samanbygt hus
  • Stykkjet, Skeie, Steinsdalen (gnr 21 bnr 6) – husmannsplass med samanbygt hus
  • Hesthamarhuset, Norheimsund (gnr 11 bnr 57) – hus i sveitserstil
  • Fykse (gnr 70 bnr 7 m. fl) – tunmiljø
  • Botnen (gnr 62 bnr 3 m. fl) – tun
  • Skåro (gnr 66 bnr 1)  -gard
  • Kjepso (gnr 79 bnr 1) -gard
  • Nygård – Risbru (gnr 19 bnr 20 og 22)  -utløer

Klikk her for å gå attende til toppen.

Fjord, fartøy og fiske

Fjorden har til alle tider spelt ei viktig rolle for folk i Kvam. Mange stadar, fyrst og fremst i Strandbarm, vart båtbygging drive som attåtnæring. I krinsen Omastrand utgjorde båtbyggjarane over halvparten av dei yrkesaktive mennene før 2. verdskrig.

Til ein kvar gard høyrde eit naust, og dei lange rekkjene med naust er eit karakteristisk innslag i kulturlandskapet i kommunen. Med si plassering i den attraktive strandsona, kan naust og naustmiljø vera utsette for eit større press enn andre bygningsmiljø.

Gul liste:

  • Mathilde, hardardangerjakt – bygd i 1884
  • Bruosen, Strandebarm (gnr 120 bnr 16 m.fl) – kulturmiljø prega av tidlegare handelsverksemd, kyrkjeferd og funksjonen som elvehamn
  • Stekka, Tørvikbygd (gnr 91 bnr 2 m.fl) – sjøbruksmiljø
  • Vikøy  (gnr 7 bnr 1 m.fl) – naustmiljø
  • Fonnaland   (gnr 5 bnr 1 m.fl)– naustmiljø
  • Osen, Fitjadalen  (gnr 44 bnr 1) – naustmiljø
  • Norheimsund – (gnr 11 bnr 13 m.fl) naustmiljø
  • Fosse (gnr 114 bnr 18 m.fl) – naustmiljø
  • Laupsa (gnr 51 bnr 5 m-fl) – naustmiljø
  • Vikedal  (gnr 77 bnr 1) – naustmiljø
  • Steinstø (gnr 71 bnr 2) – grindbygd naust
  • Holmsund  (gnr 33 bnr 5) – gardsmiljø med båtbyggjarverkstad. Eit av få kulturminnemiljø i Kvam som syner småbruk kombinert med båtbygging/fraktefart, bør verkstaden restaurerast. Sikring av bygningen må gjerast snarast.

Klikk her for å gå attende til toppen.

Reiseliv

Turisme og reiseliv har vore viktige næringar for Kvam sidan andre halvpart av 1800-talet, då nye kommunikasjonar opna Hardangerbygdene på ein annan måte enn tidlegare. Øystese og Strandebarm var populære stader hjå byfolk, som oppheldt seg «på landet» om sommaren. Hotell og overnattingstilbod vart etablerte fleire stadar i Kvam for å møte dei nye behova.

Gul liste:

  • Sandven hotell – gammal del (gnr 11 bnr 9) - hotell
  • Eikeneset, (gnr 126 bnr 16) Strandebarm – sommarbustad og pensjonat
  • Wallemtunet (gnr 21 bnr 26) Kvamskogen - leirstad

Klikk her for å gå attende til toppen.

Forsamlingshus

Folkets Hus i Ålvik Knut Markhus Frå midt på 1800-talet og frametter vart bedehus, ungdomshus og andre forsamlingshus ein del av inventaret i kulturlandskapet òg i Kvam. Ikkje minst kristenrørsla har prega kommunen, og talet på religiøse forsamlingshus – kyrkjer og bedehus – fortel om eit tydeleg kulturelt trekk ved bygdene våre.  Skular og skulehus har også vore viktige forsamlingshus i dei fleste grendene både på dag- og kveldstid.

Gul liste:

  • Ungdomshallen i Norheimsund  (gnr 11 bnr 49)
  • Holmatun i Øystese(gnr 43 bnr 37)
  • Folkets hus, Ålvik (gnr 77 bnr 1)
  • Haugatun – Strandebarm (gnr 120 bnr 30 og 62)7
  • Songartribunen på Storhaug, Ålvik  (gnr 77 bnr 1)
  • Gravdal bedehus  (146 bnr 15)
  • Fosse bedehus  (gnr 14 bnr 52)
  • Vikøy kyrkje  (gnr 7 bnr 257)
  • Øystese kyrkje  (gnr 44 bnr 726)
  • Strandebarm kyrkje  (gnr 118 bnr 51)
  • Ålvik kyrkje  (gnr 77 bnr 198)
  • Gamleskulen (sløydsalen), Fykse (gnr 70 bnr 3)

Klikk her for å gå attende til toppen.

Krig og okkupasjon

Kvam har ei rekkje krigsminne spreidd rundt i heile kommunen. Den største samlinga finst på Innstranda fort på Hjartnes. Fortet vart etablert av okkupasjonsmakta i mai 1941 med franske krigsbytekanoner som hovudskyts, og oppgåva var å hindra alliert landgang via Hardangerfjorden.

Eit særmerkt krigsminne er hytta Steinbu, som ligg i fjellet mellom Steinsdalen og Strandebarm. Bua vart sett opp av lokale motstandsmenn i 1943, under dramatiske omstende.

Gul liste:

  • Innstranda fort  (gnr 99 bnr 3)
  • Bunker, Sandven  (gnr 11 bnr 84)
  • Steinbu, i mellom Strandebarm og Steinsdalen (felles gnr 14 bnr 1 og gnr 15 bnr 1, 3 og 5)

Klikk her for å gå attende til toppen.

Industriarv

Kraftstasjon i Ytre Ålvik Øyvind Strømmen Attåtnæringar og industri har satt sitt preg på Kvam i lang tid, frå båtbygging og sagbruk via møbelindustri og gruveverksemd til moderne storindustri i Ålvik.

Oppgangssagene på Stekka og Grind er viktige verneobjekt, og har vunne på å ha fått merksemd frå offentleg forvalting. Det er viktig å halda oppe både vedlikehald og bruk av sagene, som viktige døme på tidleg teknologi innan vasskraft og trebruk.

Gul liste:

  • Oppgangssag – Stekka  (gnr. 91 bnr. 2)
  • Oppgangssag – Grind  (gnr. 86 bnr. 2)
  • Høyvika, Fyksesund (gnr. 60 bnr. 15)   – serpentin- og kalkgruve, heishus for utskiping av talk
  • Gravdal (gnr. 146 bnr. 2) – svovelkisgruve
  • Ytre Ålvik (gnr. 75 bnr. 15) – kraftstasjonen ved elva
  • Nes gardssag på Mundheim (gnr. 140 bnr. 3)
  • Solheimsverkstaden (gnr. 10 bnr. 81)
  • Ålvik industriarbeidarmuseum (gnr. 77 bnr. 334)

Klikk her for å gå attende til toppen.

Tettstader

Så lenge ferdsla på fjorden skjedde for segl eller rokraft, var Kvam ein avkrok, og prestegjeldet mangla eit tydeleg knutepunkt. I Sandvenfjøra var det likevel frå gammalt ein konsentrasjon for gardane i Steinsdalen ved utlaupet av Grovagjelsbekken, det som seinare vart til Norheimsund. Frå midten på 1800-talet, med dampskipstrafikken, vaks Norheimsund fram som eit senter.

Norheimsund fekk staten sin pris for mest attraktive stad i 2013. Arkitektoniske kvalitetar og gjennomført sentrumsplanlegging i Grova var viktige punkt i grunngjevinga. Området har verdifulle, eldre bygg, som Sandven hotel med Sjøhuset og Tingstova på eine sida, og naust på andre sida. Iversenbygget og Skaarhuset ved Straumhaugen er bygg av liknande karakter og alder. Alle desse har fått jamt vedlikehald. Grova vart herja av storbrann i 1932, og heile sentrumskjernen vart lagt i oske. I løpet av dei to åra som følgde, vart området bygd opp att med fleire bygg i funksjonalistisk stil.

Ålvik vart etablert som industristad kring 1910, og i deler av bustadområda har det skjedd relativt få endringar i bygningsmiljøet fram til i dag. Området «Byen» vart planlagt og bygt ut som ein heilskap av arkitekt Nicolai Beer, og etablert i perioden 1910-36. Frå 1951 overtok Magnus Poulsson som arkitekt. Men òg andre delar av Ålvik har særeigen arkitektur med kulturminneverdi, som Skjeret, Elvely, Haugenjordet og Vikedal. Ålvik var eigen bygningskommune fram til 1965, og i årsmeldingane til A/S Bjølvefossen var «stedets forskjønnelse» i mange år et eige tema.

Gul liste:

  • Norheimsund sentrum(gnr 11 bnr 31, 41, 79,24 og 16, gnr 11 bnr 6,  gnr 11 bnr bnr 26, gnr 11 bnr 20, gnr 11 bnr 9 (Tingstova, sjøhuset og Sveitserhusedelen på Sandven hotell, gnr 11 bnr 13, gnr 11 bnr 10 og gnr 11 bnr 25) – kulturmiljø i sentrum
  • Byen, Ålvik  (gnr 77 bnr 321 m.fl) – kulturmiljø
  • Haugenjordet (gnr 77 bnr 169 m.fl), Ålvik – kulturmiljø
  • Skjæret (gnr 77 bnr 89) m.fl), Ålvik – kulturmiljø

Klikk her for å gå attende til toppen.

Veg og ferdsle

Fyksesundsbrua Knut Markhus Frå gamal tid var dei viktigaste vegane over land dei som batt Kvam saman med bygdelag som ikkje så lett kunna nåast sjøvegen, som Voss. Frå Voss drog dei til Hardanger etter salt, og ein av saltvegane mellom Voss og Hardanger gjekk over Hamlagrø til Botnen i Fyksesund. Over Kvamskogen gjekk det ein gammal ferdsleveg mellom Kvam og Samnanger og vidare til Bergen. Det var først etter 1850 at det vart fortgang i å byggja køyrevegar i Hardanger, både mellom bygdene og ut i regionen. Utbygginga hadde nær samanheng med framveksten av dampskipstrafikken på fjorden.

Fyksesund bru frå 1937 var lengste hengebrua i Nord-Europa då ho vart opna, og har store arkitektoniske kvalitetar.

Gul liste:

  • Kvelvingsbrua over sundet i Norheimsund sentrum
  • Fyksesundbrua (frå Fykse til Stranden)
  • Gamlevegen utanfor tunellen i Vangdalsberget  (gnr 2 bnr 4 og 22)
  • Dampskipsekspedisjonen på Bakka (gnr 127 bnr 68 og 69)
  • Dampskipsekspedisjonen på Lundanes  (gnr 42 bnr 3)

Frå dampskipkaien på Bakka, frå Kvam herad sitt arkiv

 

Klikk her for å gå attende til toppen.

 

Utmarka før og no

I utmarka gjorde slåttebøar og stølar det mogeleg å halda oppe talet på dyr på garden. I kvammabygdene dominerte einstølsbruket i Strandebarm og tostølsbruket i Vikør. Fleire stadar finn ein enkle grindbygde hus, troskykkjer, på bøane. Dei same enkle grindverksbygningane finst òg som skogaløer. Den store utbreiinga av desse bygningane gjer dette til eit spesielt trekk ved Kvam.

Troskykkje på Norheim Knut Markhus

Stølsdrift er eit godt ivareteke tema i det lokalhistoriske arbeidet i Kvam, og det føregår stadig merking og skildring av stiar og ferdslevegar i fjellet. Som kulturminnekategori kan me seia at stølar og ferdslevegane mellom dei har ein folkeleg status, og også fokus hjå kulturminnestyresmaktene. Likevel kan me sjå at enkelte stølsmiljø taper seg ved at bygg forfell eller at det vert gjort uheldige inngrep. Stølane sin verdi som kulturminne handlar om arkitektoniske verdiar og stølane som historieforteljar. I tillegg har stølane og stiane framleis ei rolle i landbruksnæringa, og dei er gode arenaer for aktivitet som styrkjer folkehelsa.

Den første hytta laga for fritidsbruk vart sett opp på Kvamskogen i 1912. Fleire hytter kom til, og på 1930-talet auka interessa for hyttelivet på Kvamskogen tydeleg. På 1950-talet fekk dei første hyttene innlagt straum, og ein var inne i ei stor utbyggingsbølgje der dei fleste hytteeigarane kom frå Bergen. Mange av hyttene vart laga med restar av gamle tyskarbrakker. Mot slutten av 1960-talet runda ein 1000 hytter, samstundes som campingvognene kom for fullt dette tiåret. På 1990-talet starta ein ny sterk utbyggingsperiode med større hytter og betre komfort.

Attåt hytteutbygginga på Kvamskogen kom rekreasjonsanlegg i form av løypenett og stiar/vegar for tur, og skitrekk for alpint. Mødalstrekket opna på 1960-talet, som eit av dei første skitrekka på Vestlandet og det første norskproduserte. Mødalstrekket, også kalla Bondetrekket, er framleis i drift.

Gul liste:

  • Holsetestølen (gnr 111 bnr 1, gnr 113 bnr 1, m. fl, og gnr 114 bnr 1 m fl) – stølsmiljø
  • Norheimsdalen (gnr 27 bnr 1 m.fl, gnr 31 bnr 1 m.fl)  – stølsmiljø
  • Fete  (gnr 44 bnr 1, 4, 5,10 og 11)  (Fitjadalen) - stølsmiljø
  • Stuvasete (gnr 31 bnr 9 og gnr 31 bnr 5) – stølsmiljø
  • Bjølvesete (gnr 74 bnr 1, gnr 75 bnr 1, gnr 75 bnr 2 – 6 og gnr 75 bnr 20)– stølsmiljø
  • Øvre Steinskvanndalen (gnr. 19 bnr. 16, 17 og 18)
  • Måvotni  (gnr. 20 bnr. 1 og 2)

Klikk her for å gå attende til toppen.

Kulturlandskap

Fyksesund landskapspark vart skipa i 2007, og eit sett av ulike kulturminne og kulturmiljø er sentrale delar av eininga. Her finst gamalt bygningsmiljø og felemakarhistorie i Botnen, og fysiske spor etter gruvedrift på begge sider av fjorden. Her er ferdslevegar og annan infrastruktur av ulike aldrar. Grenda Fykse er kjenneteikna av eit særskilt fint utvikla og ivareteke kulturlandskap, med eit tradisjonelt klyngetun som midtpunkt. I 1999 vart Fykse tildelt Fylkesmannen i Hordaland sin kulturlandskapspris for den gode skjøtselen av kulturlandskapet. Men også dei andre grendene har store kvalitetar, som saman med landskapet sjølv løftar dette området.

Fyksesund landskapspark vart starta som eit lag for dei som bur og arbeider, har hytte eller eig grunn kring Fyksesundet. Føremålet er å leggja til rette for auka bruk av Fyksesundet og landskapet rundt, på ein slik måte at natur, kultur og landskap vert teke vare på.

Landskapsparken er eit konkret avgrensa område, med veglause Botnen inst i fjorden. På austsida ligg bygdene Klyve, Fykse, Bjørke og Steinstø. På vestsida ligg Porsmyr, Flotve, Soldal og Rykkje. I det brattlendte fjordlandskapet har ein utnytta mest alt av lausmassar i gardsdrifta, og ved hjelp av sinnrike system av linestrengjer vart høyet frå slåtteteigar i ulik høgd over fjorden frakta opp eller ned til heimeløa.

Den naturlege avgrensinga av eit område med særlege natur- og kulturkvalitetar, gjer at me i plansamanheng bør vurdera å leggja ei omsynssone på området. Det er då viktig å ha føresegner som har ein god balanse mellom vern og utvikling av området. Ei omsynssone er eit stempel på at området er særskilt verdifullt, og med ei god innretning vil dette kunna løfta området.

Gul liste:

  • Fyksesund –frå Steinstø til Botnen og ut igjen Bjelkanes
  • Nes i Mundheim (gnr 140 bnr 3)  (kulturlandskap)
  • Røyrvik (gnr 100 bnr 1 m.fl)   (kulturlandskap)

Klikk her for å gå attende til toppen.

Jon Nedkvitne
Sjef samfunn næring og kultur
E-post
Telefon 97 95 32 74
Mobil 97 95 32 74