Bygdebok for Kvam

Bygdeboka for Kvam, Liv og lagnad på 1800-talet, tek føre seg den perioden då bygdene gjekk over frå å vera eit bondesamfunn med sjølvberging, til å verta eit samfunn med eit meir allsidig næringsliv.

Dette var og tida då allmen opplysing og kulturell oppvaking spreidde seg i alle samfunnslag. I føreordet til boka vert det sagt at "skal ein forstå den utviklinga me seinare har hatt, må me og ha med det som skjedde på 1800-talet".
På 1800-talet skjedde grunnleggjande kulturelle, økonomiske, sosiale og politiske endringar.

Det er ikkje berre dei store hendingane og kjende personane i tida som vert omtala i bygdeboka. Det daglege strevet for levemåten er gjeve stor plass. Gjennom mange enkeltståande småsoger, bilete, tabellar m.m får lesaren innsikt i korleis folk levde.

Boka kostar kr 100,- og du kan kjøpa den på Kvam rådhus. Du kan også bla i boka på Nasjonalbiblioteket sine nettsider.

Boka er inndelt i sju hovudkapittel:

Folk og næring:

Ved inngangen til 1800-talet budde det 2.770 menneske i det området som i dag høyrer til Kvam herad. Ved utgangen av hundreåret var folketalet meir enn dobla. Dette kapittelet omtalar nokre hovuddrag ved folkesetnaden og næringsutviklinga, og prøver peika på kva som skapte endring og omskifte gjennom hundreåret.

Jordbruksnæringa:

I dette kapittelet ser ein på korleis folk hausta av dei ressursane garden kunne by på, samt utviklinga frå det tradisjonsbundne haustings- og sjølvforsyningsjordbruket, til eit meir moderne, markandsretta sals-jordbruk mot slutten av perioden.

Næringsgrunnlaget vert utvida:

Her vert sidenæringane omtala, dvs næringsaktiviteten utanom jordbruket, f.eks fiske og sjøfart.
I tillegg vert temaet om korleis bygdene i stadig høgare grad vart dregne inn i eit breiare økonomisk mønster drøfta.

Flytting og utvandring:

Arbeidsvandring og flytting til og frå bygdene, samt utvandring til Amerika vert omtala.

Individ og samfunn:

Dei sosiale lag i bygdene, helsestell,det sosiale livet, samt generelle levekår blandt folk er viktige tema.

Kulturlivet:

I dette kapittelet ser ein på nokre trekk ved den kulturelle utviklinga i Kvammabygdene ut gjennom 1800-talet, der viktige tema er den gamle folkekulturen, kyrkjelivet, lekmannskristendom, skulestell og dei nye kulturelle straumdraga frå 1870.

Folkestyret veks fram:

Kapittelet handlar overgangen frå elitestyre til folkestyre,der tema som øvrigheit, formannskap/heradsstyre, kommunale finansar og vaknande politisk interesse er hovudtema.
 

Kvam herad - Rådhuset
E-post
Telefon 56 55 30 00

Adresse: Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund

Opningstider:
Månd - fred  kl.0900-1500
Sommartid : kl.1000-1400  (gjeld vekene 25 - 33)