Lokalhistorisk arkiv

Har laget ditt gamle møtebøker, arkiv, protokollar, lagsblad, vedtekter, fotomateriale, lokalhistoriske filmar osv.?

Kvam herad har sett i gang eit arbeid med innsamling og registrering/arkivering av arkivmateriale frå lag og organisasjonar i kommunen.

Føremålet er å ta vare på lokalhistorisk materiale slik at ein for ettertida har dette tilgjengeleg i eit arkiv. Denne type kjelder gjev kunnskap om lagslivet i kommunen, og kan vera av stor lokalhistorisk verdi. Målet er å gjera kunnskapen tilgjengeleg for alle. 

Lag eller privatpersonar som har kjennskap til denne type kulturhistorisk materiale, kan ta kontakt med kulturkontoret.

Arkivmaterialet kan leverast på Kvam rådhus, og vert oppbevart i eige arkiv.

Mary Ann Sørheim
Kulturkonsulent og kinosjef
E-post
Telefon 95 40 77 10
Mobil 95 40 77 10