Open hall

 

Kvar onsdag frå klokka 18-20 er det open hall for ungdom frå 8. til 10. klasse i Norheimsund idrettshall.

Valgfrie aktivitetar
Deltakarane vel og organisererer aktivitetar sjølv. Eksempel på aktivitetar: Fotball, volleyball, badminton, bordtennis, basketball, teppecurling og innebandy. Eller berre chilla på tjukkasen. 

Vaksne vakter
Det er to vaksne i hallen som syter for at det er kjekt og trygt for alle å vera der. Dei vert gjerne med på aktivitetar dersom det er ønske om det. 

Har du spørsmål om open hall, ta kontakt her.