Tenk på trafikktryggleiken: klipp hekkar og buskar

Eig eller disponerer du ein eigedom med avkjørsle til veg eller gang- og sykkelveg? Då har du ansvar for å sørge for fri sikt ved di avkjørsle.

Dersom du eig eller disponerer ein eigedom med avkøyrsle til veg, eller til gang- og sykkelveg, har du ansvar for fri sikt ved di avkøyrsle. For å oppnå dette må du syta for at vegetasjon ikkje veks utover eigedomsgrensa di, og du må syta for at både born og vaksne skal kunna sjå og bli sett i trafikkbiletet. Det inneber: 

Ved gang- og sykkelveg

  • Dersom avkjørsla di kryssar gang- og sykkelveg må høgde på hekk og gjerde ikkje overstige 0,5 meter over gateplan i frisiktsona (30 meter).
  • Det må vere 3 meter fri sikt inn i avkjørsla. Det betyr at når du står 3 meter inn i avkjørsla di skal du kunne sjå midten av gang- og sykkelvegen 30 meter til kvar side.
  • Merk at frisiktsona bør utvidast ut over 30 meter dersom gang- og sykkelvegen hellar og syklistane held høg fart.

Ved veg

Dersom avkjørsla di munnar ut i vegen må høgde på hekk og gjerde ikkje overstige 0,5 meter over gateplan. Hekk og gjerde kan også flyttast utanfor frisiktsona. Det må vere 4 meter fri sikt inn i avkjørsla. Det betyr at når du står 4 meter inn i avkjørsla di, skal du kunne sjå vegen 45 meter til kvar side dersom fartsgrensa er 50 km/t. Er fartsgrensa høgare, aukar avstandane. 

For ytterlegare opplysningar og nyttige illustrasjonar, sjå Statens Vegvesen sin brosjyre om klipping av hekkar og buskar under: 

Om nettlesaren din ikkje stør visning av PDF-filer, kan du lasta ned brosjyren (PDF, 2 MB).