Plan for legetenesta i Kvam 2018-2023

Grunnlaget for denne temaplanen er nasjonale føringar og Helse – og omsorgsplan for Kvam 2015 – 2030. Hovudtema i planen er korleis legetenesta skal organiserast for å fylgja opp dei nasjonale og lokale føringane og møta utfordringane i helsetenestene i Kvam i framtida.

Legetenesta er ein av dei viktige basisfunksjonane i helse og omsorgstilbodet i Kvam. Tenesta er godt tilgjengeleg for brukarane, og legane har eit tett samarbeid med dei andre kommunale tenestene.

Helse og omsorgstenestenene våre står overfor nye utfordringar med ein stadig større del eldre, tidlegare utskriving frå sjukehus, sjukare pasientar som skal ivaretakast lokalt, auka krav og forventningar frå brukarar og offentleg mynde. Legetenesta må dimensjonerast og lokaliserast for å møta desse utfordringane.

Kommunen står overfor eit generasjonsskifte innan legetenesta. 1.1.2018 vil om lag 50% av legane vera 60 år og eldre. Dette utfordrar kommunen på rekruttering.

Planen synleggjer korleis kommunen kan bidra til å få betre oversikt over helseutfordringar i befolkninga og viser retning for forbetrings- og utviklingsarbeidet i legetenesta. Planen føreslår tiltak for å møta framtidige utfordringar.