Ungdata 2024

Ungdata 2024: Korleis har ungdom i Kvam det i dag?

Korleis trivst ungdomane i Kvam i lokalsamfunnet? Kor mange prosent er med på aktivitetar i fritida? Korleis trivst dei på skulen? Drikk ungdomane meir eller mindre alkohol no enn for ti år sidan? Dette og mykje meir har ungdomar frå mellomtrinnet til vidaregåande skule svart på i Ungdata-undersøkinga, som no er klar.

 

Kva er Ungdata?

Ungdata er ei stor undersøking som vert gjennomført blant i nesten alle norske kommunar og gjev eit godt innblikk i korleis det er å vera ung i Noreg i dag. Alle elevar på mellomtrinnet, ungdomstrinnet og vidaregåande vert inviterte til å svara på eit digitalt spørjeskjema om mange ulike felt i livet, som foreldre, vener, skule, lokalmiljø, fritidsaktivitetar, helse og rusmiddelbruk. Det er frivillig å svara på undersøkinga.

Undersøkinga vart gjennomført i vinter og svarprosenten var slik:

·       Ungdata junior (5. til 7. trinn): 87 %

·       Ungdata 8. til 10. trinn: 87 %

·       Ungdata vidaregåande skule: 75 %

I Kvam har me hatt Ungdata-undersøking om lag kvart tredje år sidan 2011. Me gjennomførte Ungdata junior, som er undersøkinga på mellomtrinnet, for første gong i 2021.

Nokre av tala er presenterte i resultatrapportar. Dei kan lesast her:

·       Resultatrapport Ungdata junior (mellomtrinn) Kvam Junior (PDF, 854 kB)

·       Resultatrapport Ungdata ungdomstrinn Kvam Ungdomstrinn (PDF, 702 kB)

·       Resultatrapport vidaregåande skule i Kvam Vidaregåande (PDF, 741 kB)

Ungdata er eit viktig kunnskapsgrunnlag i det lokale arbeidet retta mot barn og unge. Tala gjev grunnlag for å analysera variasjonar over tid og regionale variasjonar. På nasjonalt nivå vert resultata brukt til forsking og som kunnskapsgrunnlag for styring og politikkutvikling innan mange område. Velferdsforskingsinstituttet NOVA er ansvarleg for gjennomføringa av Ungdata-undersøkinga i samarbeid med dei regionale kompetansesentera innan rusfeltet, KORUS.

Den førre Ungdata-undersøkinga i Kvam vart gjennomført i 2021. Denne vart gjennomført under pandemi og nedstenging. Kor mykje dette har å seia for svara, veit me ikkje sikkert, men det er verd å ha det med i tankane når ein tolkar og samanliknar tala.

Eit anna moment ein må ha med seg når ein analyserer tala, er at befolkningsgrunnlaget er ulikt for dei som har svart på grunnskulen og vidaregåande skule. I vidaregåande skule er både Kvam vidaregåande skule og Framnes med, det vil seia at ein stor del av dei som har svart, har vakse opp i andre kommunar.

Kommunane får tilsendt Ungdata-resultata i form av presentasjonar av resultata for mellomtrinnet, ungdomstrinnet og vidaregåande, sortert som samla svarfordeling, som svarfordeling sortert etter klassetrinn og som svarfordeling sortert etter kjønn. I Kvam har me valt å gjera ei ekstra sortering, det vil seia å sortera etter tema knytte til dei ulike kapitla i oppvekstplanen:

Kapittel oppvekstplanTema Ungdata

1 Trygge vaksne

 

1 Vener og familie
2 Alkohol og rus
2 Aktiv fritid3 Fritid
3 Å vera ein del av eit sosialt fellesskap4 Levekår, sosial skilnad, livskvalitet
5 Helse
4 Mangfald vert sett på som ein ressurs6 Seksuell trakassering, religion, hatefulle ytringar
5 Å kjenna tilhøyrsle til lokalsamfunnet7 Nærmiljø
6 Høg kvalitet på opplæringa8 Skule

Vener og familie

Venskap: Dei aller fleste barn og unge har vener å vera saman med på fritida og på skulen. Likevel er det 6 prosent av gutane og 10 prosent av jentene på mellomtrinnet som fortel at dei som regel ikkje har det. Desse tala er lågare når spørsmålet gjeld om ein har nokon å vera saman med i friminuttet. Dette kan indikera at skulen er ein viktig arena for sosial kontakt og venskap.

 

Også tala for ungdomsskulen og vidaregåande viser at dei aller fleste har nokon å vera saman med på fritda og på skulen:

 

Foreldre: Foreldra er viktige for ungdomane. Me ser at 100 prosent av elevane på ungdomsskule og vidaregåande fortel at dei likar å vera saman med foreldra sine:

 

Tal som gjeld vener og familie på mellomtrinnet: Mellomtrinnet (PPTX, 6 MB)

Tal som gjeld vener og familie på ungdomstrinnet: Ungdomstrinnet (PPTX, 7 MB)

Tal som gjeld vener og familie på vidaregåande skule: Vidaregåande (PPTX, 4 MB)

Alkohol og rus

Alkohol: Det skjer ei utvikling i løpet av ungdomsskulen frå at 8 prosent av åttandeklassingane har drukke så mykje at ein har følt seg tydeleg rusa til at 32 prosent av tiandeklassingane oppgjev det same.

 

Bruk av alkohol blant elevar i ungdomsskulealder er høgare i Kvam samanlikna med Vestland og Noreg:

 

Tal som gjeld alkohol og rus på ungdomstrinnet: Ungdomstrinnet (PPTX, 8 MB)

Tal som gjeld alkohol og rus på vidaregåande skule: Vidaregåande (PPTX, 5 MB)

Trenden er at det noko meir alkoholbruk blant elevar i ungdomsskulealder i 2024 enn ved dei førre undersøkingane, mens talet var høgare tilbake i 2011:

 

 

Andre rusmiddel: Når det gjeld hasj/marihuana og andre rusmiddel, ser me at det også her er ein auke i løpet av ungdomsskulen:

 

Bruk av hasj/marihuana og andre rusmiddel er likt i Kvam som i landet. Trenden er at det er noko auke i bruk av hasj/marihuana i Kvam:

Fritid

Deltaking i fritidsaktivitetar: Me ser at både på mellomtrinnet og på ungdomstrinnet er det fleire som deltek i fritidsaktivitetar i 2024 enn i 2021. Sport og idrett er viktig for mange, men det også er mange som held på med musikk, teater, dans og andre aktivitetar:

 

 

Tal som gjeld fritid på mellomtrinnet: Mellomtrinnet (PPTX, 6 MB)

Tal som gjeld fritid på ungdomstrinnet: Ungdomstrinnet (PPTX, 8 MB)

Tal som gjeld fritid på vidaregåande skule: Vidaregåande (PPTX, 5 MB)

  

Levekår og livskvalitet

Nøgde med livet: Dei fleste ungdomane er i det store og heile godt nøgde med livet sitt, slik som ved mellomtrinnet der 88 prosent fortel at dei er nøgde, det vil seia at dei gjev ein score frå 6 til 10 på ein skala der 0 er «Ikke fornøyd i det hele tatt» og 10 er «Svært fornøyd».

På ungdomsskulen ser me at gutane er meir nøgde med livet sitt enn jentene:

På vidaregåande skule er særleg elevane på VG2 og VG3 svært nøgde med livet sitt:

 

Tal som gjeld levekår og livskvalitet på mellomtrinnet: Mellomtrinnet (PPTX, 6 MB)

Tal som gjeld levekår og livskvalitet på ungdomstrinnet: Ungdomstrinnet (PPTX, 8 MB)

Tal som gjeld levekår og livskvalitet på vidaregåande skule: Vidaregåande (PPTX, 5 MB)

Helse

Psykiske plager: Trenden viser at det færre elevar no enn ved førre undersøking som rapporterer om psykiske plager som å føla at alt er eit slit, føla seg stiv og anspent, føla seg ulukkeleg og trist:

Det er færre ungdomar i Kvam enn snittet for Vestland og Noreg som har hatt mange psykiske plager dei siste sju dagane.

 Svevn: Det har vore ein auke av elevar på mellomtrinn og særleg ungdomstrinn som søv seks timar eller mindre, og det er ein god del elevar som opplever problem med å sovna eller å ha vore så trøytt at det går ut over skule eller fritid:

 

Tal som gjeld helse på mellomtrinnet: Mellomtrinnet (PPTX, 6 MB)

Tal som gjeld helse på ungdomstrinnet: Ungdomstrinnet (PPTX, 9 MB)

Tal som gjeld helse på vidaregåande skule: Vidaregåande (PPTX, 6 MB)

Seksuell trakassering og hatefulle ytringar

Mellom 8 og 16 prosent av ungdomane i Kvam har opplevd at nokon mot deira vilje befølte dei på ein seksuell måte. Fleire har opplevd verbal trakassering som å verta kalla hore, homo eller andre ord med seksuelt innhald.

Det er tilnærma likt fordelt mellom kjønn kven som har opplevd å verta befølt mot sin vilje (tal frå ungdomsskulen):

Ein del ungdomar har fått høyra hatefulle eller truande kommentarar som gjeld etnisk bakgrunn/landbakgrunn, kjønn og religion, i mindre grad kommentarar knytt til hudfarge.

 

Tal som gjeld seksuell trakassering og hatefulle ytringar på ungdomstrinnet: Ungdomstrinnet (PPTX, 6 MB)

Tal som gjeld trakassering og hatefulle ytringar på vidaregåande skule: Vidaregåande (PPTX, 4 MB)

Nærmiljø

Dei aller fleste ungdomane i Kvam føler seg trygge i nærområdet (tal frå ungdomstrinnet):

 

Om lag 40 prosent av ungdomane i Kvam kan tenkja seg å bu her når dei vert vaksne. Om lag 30 prosent svarer nei på dette spørsmålet og om lag 30 prosent veit ikkje. Svara varierer med alder og med kjønn, der gutane i større grad enn jentene kan tenkja seg å bu i kommunen når dei vert vaksne:

 

Tal som gjeld nærmiljø på mellomtrinnet: Mellomtrinnet (PPTX, 5 MB)

Tal som gjeld nærmiljø på ungdomstrinnet: Ungdomstrinnet (PPTX, 8 MB)

Tal som gjeld nærmiljø på vidaregåande skule: Vidaregåande (PPTX, 5 MB)

Skule

Kor nøgd med skulen: I Kvam er elevane på grunnskulen noko mindre nøgd med skulen sin enn landssnittet for Noreg. På mellomtrinnet er jentene meir nøgde enn gutane:

 

På ungdomstrinnet er biletet meir variert, der jentene er noko meir nøgde enn gutane på 8. trinn og 10. trinn, mens gutane er mest nøgde på 9. trinn:

Skuletrivsel: Både på mellomtrinnet og ungdomstrinnet trivest elevane godt, men det er ein del som gruar seg til å gå på skulen og det er mange som kjedar seg:

 

 

Trenden for vidaregåande skule er at trivselen aukar med alder, og at færre kjedar seg og gruar seg utover i skuleløpet.

Mobbing: Tidstrenden viser at nokre fleire enn ved dei førre undersøkingane har opplevd mobbing. Det ser ut til at fleire jenter enn gutar har opplevd mobbing på mellomtrinnet, mens bildet er meir variert på ungdomstrinnet. Det er få som har opplevd mobbing på vidaregåande skule.

Tal som gjeld skule på mellomtrinnet: Mellomtrinnet (PPTX, 6 MB)

Tal som gjeld skule på ungdomstrinnet: Ungdomstrinnet (PPTX, 7 MB)

Tal som gjeld skule på vidaregåande skule: Vidaregåande (PPTX, 4 MB)

 Tidlegare Ungdata-undersøkingar i Kvam

Lenke til artikkel om Ungdata-undersøkinga i Kvam 2021 finn du her.

Lenke til artikkel om Ungdata-undersøkinga i Kvam 2017 finn du her.