UngData 2017

Kvam herad har i fleire år gjennomført UngData undersøkinga (2011, 2015 og 2017)

Kva er Ungdata?

UngData er ei lokal ungdomsundersøking, som er eit gratis tilbod til alle kommunar og fylkeskommunar i landet. Sidan 2010 har 439 200 ungdommar frå 405 kommunar delteke i UngDataundersøkinga. UngData gjev derfor eit godt innblikk i korleis det er å vera ung i Noreg i dag. 

UngData er eit kvalitetssikra og standardisert system for lokale spørjeskjemaundersøkingar. Undersøkinga går ut på at skuleelevar på ungdomstrinnet og i vidaregåande opplæring svarar på spørsmål om ulike sider ved livet sitt. Undersøkinga føregår i skuletida og vert gjennomført elektronisk.

UngData omfatter eit bredt spekter av temaområder (foreldre og vener, skule, lokalmiljø, fritidsaktivitetar, helse og trivsel, rusmiddelbruk, risikoåtferd og vald). 

UngData i Kvam

Kvam gjennomførete UngData-undersøking våren 2017.

Alle ungdomsskulelevane i kommunen, alle elevane ved Kvam vidaregåande skule og 1. og 2. trinnet ved Framnes Kristne vidaregåande skule deltok i undersøkinga.

Her finn du ulike rapportar frå undersøkinga våren 2017:

Reidun Braut Kjosås
Folkehelsekoordinator
Telefon 91 73 75 15

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.