Militærøving 23. juni–14. juli

Forsvaret gjennomfører militærøvingar i Hardanger, på Voss og Osterøy fram til 14. juli. Her er informasjon om øvinga frå 6. til 8. juli til dei belgiske spesialstyrkane. 

Informasjon for dagane 6.-8. juli om øvinga til dei belgiske spesialstyrkane.

Øvinga finn stad på lokasjonar i Alver, Eidfjord, Kvam, Modalen, Osterøy, Ullensvang, Ulvik, Vaksdal og Voss og føregå i perioden 23. juni – 14. juli 2025. I tidsrommet vil det vera om lag 300 personar i frå det belgiske forsvaret fordelt i ulike felt og øvingsoppdrag. Hovudbasen og hovudleir vil liggja ved Bømoen leir (Voss herad).

6. juli 2025

  •  Spesialrekognosering og observasjon av mål på Varaldsøy med scenarioøving på Varaldsøy for å utfordra rekognoseringslaget.
  • Trening av Heimevernet med belgiske instruktørar, våpenhandtering og skyteøving – Mjølfjell.

 

7. juli 2025

  • Spesialrekognosering og observasjon av mål på Varaldsøy med scenarioøving på Varaldsøy for å utfordre rekognoseringslaget.
  • Fallskjermhopp og infiltrasjon – Hallingskeid. Spesialrekognoseringslag med høgdehopp og infiltrasjon til fots mot eit trygt område. Fallsona og område nær Mjølfjell og Ossete i retning Hallingskeid.
  • Rekognoseringstrening – Voss. HV09 med belgiske instruktørar i området kring Voss.
  • Båttrening – Sild. HV09 med belgiske instruktørar. Rundt og ved øya Sild (nær Varaldsøy).

 

8. juli 2025

  • Fallskjermhopp og infiltrasjon – Hallingskeid. Spesialrekognoseringslag med høgdehopp og infiltrasjon til fots mot eit trygt område. Fallsona og område nær Mjølfjell og Ossete i retning Hallingskeid.
  • Etter eit nattleg angrep på mål på Varaldsøy (kl. 00:00–04:00), vil styrkane flytte seg med båt til skogsområdet ved Samlen for kvile og førebuing til vidare operasjonar mot Ålvik.
  • To lag vil etablere fiendeposisjonar langs strendene ved Utne og Tjoflot som del av eit kommande scenario rundt 10. juli.
  • Oppretting av fiendtleg kommandoplass ved Hallingskeid. Styrken vil koma med tog frå Voss.

 

Kort informasjon om øvingane

Bergenhus heimeverndistrik tek imot ein belgisk spesialstyrke på 200 mann.  Dei kjem til å bruka fasilitetane på Bømoen på Voss.  I denne perioden vert det ferdsel med småbåtar på fjorden og øvingar på land. Aktiviteten på land kjem til å verta understøtta av nokre lastebilar og feltkøyrety. Ein må rekna med noko luftaktivitet som lågtflygande helikopter. 

I Kvam er det i hovudsak fjorden som kjem til å verta nytta. Der må ein rekna med ferdsel med militære småbåtar både nattetid og på dagen.

Kunngjering av øvinga frå statsforvaltar

Til grunneigarar i Alver, Eidfjord, Kvam, Modalen, Osterøy, Ullensvang, Ulvik, Vaksdal og Voss

Forsvarets Operative Hovudkvarter rekvirerer lende i dei nemnde kommunane til gjennomføring av øving «Yellow Condor 2025» i perioden 23. juni–14. juli 2025.

Med bakgrunn i Forsvarets øvingsprogram for 2025, kjem det til å verta gjennomført øving med ei avdeling allierte styrkar på ca. 200 personar i nemnde tidsrom. Bergenhus heimevernsdistrikt (HV-09) er lokal vertsavdeling. Avdelinga kjem til å nytta infrastruktur og fasilitetar på Bømoen på Voss, men det er og lagt opp til aktivitet utanfor militære øvingsfelt.

Områda som skal nyttast er fjordområda nord for Osterøy, mellom Bjørsvik, Bolstad og Modalen. I tillegg Hardangerfjorden, mellom Tysnes, Osa og Eidfjord.

Øvingsaktiviteten inneber ferdsel med småbåtar på sjøen og til fots i lende. Som ein del av aktiviteten på land vert det òg  nytta køyretøy. Ein må rekna med noko luftaktivitet i form av lågtflygande helikopter og fallskjermhopp.

Det vert aktivitet om natta. Forsvaret ber publikum om å ikkje å søkja kontakt med dei øvande styrkane, om ikkje situasjonen gjer det naudsynt. Grunneigarar vert oppmoda om å merkja bommar tydeleg med kontaktinformasjon, slik at Forsvaret kan kome til innanfor dei rekvirerte områda.

Kontakt

Øvingsleiinga kan kontaktast via operasjonssenteret til HV-09: Tlf: 55 54 63 55, epost: hv.hv-09.ops@mil.no. Nærare informasjon om aktiviteten kan fåast ved å kontakte major Karl Johan Staff, tlf. 476 42 826, e-post: kastaff@mil.no

Melding om tap eller skade som følgje av øvingsaktiviteten kan rettast til operasjonssenteret til HV-09.

Heimel for rekvisisjon

Heimel for rekvisisjon av øvingslende er gitt i lov om militære rekvisisjoner (rekvisisjonslova) med tilhøyrande forskrifter, og lov om motorferdsel i utmark og vassdrag (motorferdselslova, § 4). Erstatning for tap og skade forårsaka av øvinga vert ytt i samsvar med føresegnene i rekvisisjonslova av 29. juni 1951

Illustrasjonsbilete øving marinejegarar - Klikk for stort bileteMilitærøving Hunter Dixon

Artikkelliste

Viser 641-650 av 699 artikler, side 65 av 70