I samband med den fyrste høyringa kom det inn over 400 innspel knytt til føreslegen arealbruk. Det kom også motsegner frå Fylkesmannen i Vestland, Hordaland fylkeskommune, Fiskeridirektoratet, Statens Vegvesen og NVE.
I det nye utkastet var det gjort ei rekkje endringar, blant anna er området sett av til akvakultur ved Kvamsøy justert, fleire område er teke ut av planen av omsyn til automatisk freda kulturminne og byggjegrensa til sjø er justert. På kommune-TV kan du sjå presentasjonen formannskapet fekk av endringane.
Endringar i formannskapet
I formannsskapet vart det føreslege ei rekkje endringar til rådmannen sitt utkast. Kari Mostad frå Miljøpartiet Dei Grøne foreslo å ta ut akvakulturlokaliteten ved Kvamsøy, kalla AK 27, frå planen. Ho ville også leggja til eit område for bygging av bufellesskap ved Breimyråsen byggjefelt, og ta ut Hansvågen som industriområde.
Dei fyrste to framlegga fekk støtte frå Ap og Framstegspartiet, medan Mostad vart åleine om å meina det siste.
Senterpartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti sette fram eit fellesframlegg, der dei justerte på rådmannen sitt framlegg:
- Damvegen m/parkering skal fortsatt ligge inne med ei forlenging som ved 1.høyring.
- B91 (Evjo) vert endra frå bustad til sentrumsformål.
- LNF28 og 27(Busdalen) vert endra frå LNF til Offentleg formål til idrettsområde.
- SN5/SB1 (Oma) skal fortsatt vises som areal for spreidd næring og småbåthamn.
- GRS73 (Laupsa) vert redusert slik at det gir rom for ei bustadrekkje mot eksisterande bustadområde inkl. veg.
- Føresegn 2.1.8 vert oppdatert med følgjande tekst: område N7 er sett av til industriområde for skipsverft, jf. reguleringsplan for Hansvågen.
Punkt 3 vart samrøystes vedteke, dei andre punkta vart vedteke mot MDG si eine røyst.
Du finn sakspapira i møteportalen.