Dette inneber at ein må ha minst ein røykvarslar, helst fleire som er seriekopla, samt høveleg manuelt sløkkjeutstyr som brannslange eller brannsløkkingsapparat. Det er viktig at røykvarslarar og sløkkjeutstyr er godkjende og at dette utstyret vert kontrollert og vedlikehalde for å sikra at dei faktisk fungerer.
Me kan ikkje seia det for ofte: røykvarslaren er den viktigaste brannførebyggjande innretninga me har. Slik også på hytta, og han reddar fleire liv kvart år.
Mange hytter ligg slik til at det kan vere vanskeleg for brannvesenet å koma fram. I alle høve vil utrykningstida normalt vera vesentleg lengre til ei hytte enn til ein bustad, og enno lengre vinterstid med mykje snø. Dette inneber at du sjølv må være førebudd på å sløkkja ein eventuell brann på hytta.
- Me oppmodar difor alle hytteeigarar til å utstyra hytta godt med sløkkjeutstyr, slik at ein står betre rusta til å handtera eit brannutbrot, seier varabrannsjef Arthur Strømme i Kvam herad.
- Dersom du har pulverapparat, bruk 20 sekundar på ein sjekk: Vend det opp ned slik at pulveret ikke klumpar seg og sjekk at trykkindikatorpila peikar på det grøne feltet.
Brannvesenet på hyttebesøk
For å retta fokuset på branntryggleik vil representantar frå Kvam brann- og redningsteneste i fyrste del av påskeveka besøkja deler av hyttene i Kvam.
Dette er ein kampanje som me i Kvam brann og redningsteneste gjennomfører kvart år i samarbeid med forsikringsselskapet Tryg, Norsk brannvernforening og Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap. Dette året vil hytter i midtre delen av heradet få besøk.
- Me vil banka på hyttedøra for ein prat om brannførebyggjing, om det høver. Samstundes deler me ut ei «minihytte» med gode brannførebyggjande råd. Denne minihytta vert delt ut gratis, og tanken er at denne skal hengjast opp ein stad i hytta. I minihytta er det også eit batterimagasin, der ein alltid kan ha eitt eller fleire ekstra røykvarslarbatteri tilgjengeleg, i fall ein treng å byta, fortel Strømme.
Sjekk branntryggleiken
Med svært enkle tiltak kan du unngå brann på hytta. Set av litt tid på å sjekka branntryggleiken:
- Test røykvarslar kvar gong de tek hytta i bruk.
- Har du fleire, bør dei koplast i serie, varslar ein – varslar alle
- Ha alltid ekstra batteri i reserve – ta med deg når du dreg på hytta.
- Bytt batteri minimum ein gong pr år.
- Syt for å ha rikeleg og godkjent sløkkjeutstyr.
- Gå aldri frå levande lys!
- Ikkje bruk peis/ovn som turkestativ.
- Syt for å handtera oskeavfall på ein forsvarleg måte.
- Ikkje gå frå hytta med elektriske apparat i bruk.
- Vær ekstra varsam ved bruk av gass. Sjekk utstyr og slanger jamleg.
- Bruk godkjende fagfolk til utbetringar som krev dette.