Informasjon for dagane 9.-10. juli om øvinga til dei belgiske spesialstyrkane.
Øvinga finn stad på lokasjonar i Alver, Eidfjord, Kvam, Modalen, Osterøy, Ullensvang, Ulvik, Vaksdal og Voss og føregå i perioden 23. juni – 14. juli 2025. I tidsrommet vil det vera om lag 300 personar i frå det belgiske forsvaret fordelt i ulike felt og øvingsoppdrag. Hovudbasen og hovudleir vil liggja ved Bømoen leir (Voss herad).
9. juli 2025
- Angrep på fiendeposisjon i Ålvik i løpet av natta med bruk av øvingsammunisjon og båtar.
- Spesialrekognosering til Hallingskeid, frå Mjølfjell og Ossete.
- Skjult leir i skogsområde, båtar kamuflert på vatnet ved Fykse.
- Observasjonspostar ved Tjoflot og Utne i forkant av vidare operasjonar.
10. juli 2025
- Angrep på fiendeposisjon med bruk av øvingsammunisjon på Tjoflot i løpet av natta, båtar og helikopter.
- Skjult leir ved Osa og infiltrasjon mot Hallingskeid-stien.
- Oppretting av fiendtleg kommandoplass ved Hallingskeid.
Kort informasjon om øvingane
Bergenhus heimeverndistrik tek imot ein belgisk spesialstyrke på 200 mann. Dei kjem til å bruka fasilitetane på Bømoen på Voss. I denne perioden vert det ferdsel med småbåtar på fjorden og øvingar på land. Aktiviteten på land kjem til å verta understøtta av nokre lastebilar og feltkøyrety. Ein må rekna med noko luftaktivitet som lågtflygande helikopter.
I Kvam er det i hovudsak fjorden som kjem til å verta nytta. Der må ein rekna med ferdsel med militære småbåtar både nattetid og på dagen.
Kunngjering av øvinga frå statsforvaltar
Til grunneigarar i Alver, Eidfjord, Kvam, Modalen, Osterøy, Ullensvang, Ulvik, Vaksdal og Voss
Forsvarets Operative Hovudkvarter rekvirerer lende i dei nemnde kommunane til gjennomføring av øving «Yellow Condor 2025» i perioden 23. juni–14. juli 2025.
Med bakgrunn i Forsvarets øvingsprogram for 2025, kjem det til å verta gjennomført øving med ei avdeling allierte styrkar på ca. 200 personar i nemnde tidsrom. Bergenhus heimevernsdistrikt (HV-09) er lokal vertsavdeling. Avdelinga kjem til å nytta infrastruktur og fasilitetar på Bømoen på Voss, men det er og lagt opp til aktivitet utanfor militære øvingsfelt.
Områda som skal nyttast er fjordområda nord for Osterøy, mellom Bjørsvik, Bolstad og Modalen. I tillegg Hardangerfjorden, mellom Tysnes, Osa og Eidfjord.
Øvingsaktiviteten inneber ferdsel med småbåtar på sjøen og til fots i lende. Som ein del av aktiviteten på land vert det òg nytta køyretøy. Ein må rekna med noko luftaktivitet i form av lågtflygande helikopter og fallskjermhopp.
Det vert aktivitet om natta. Forsvaret ber publikum om å ikkje å søkja kontakt med dei øvande styrkane, om ikkje situasjonen gjer det naudsynt. Grunneigarar vert oppmoda om å merkja bommar tydeleg med kontaktinformasjon, slik at Forsvaret kan kome til innanfor dei rekvirerte områda.
Kontakt
Øvingsleiinga kan kontaktast via operasjonssenteret til HV-09: Tlf: 55 54 63 55, epost: hv.hv-09.ops@mil.no. Nærare informasjon om aktiviteten kan fåast ved å kontakte major Karl Johan Staff, tlf. 476 42 826, e-post: kastaff@mil.no
Melding om tap eller skade som følgje av øvingsaktiviteten kan rettast til operasjonssenteret til HV-09.
Heimel for rekvisisjon
Heimel for rekvisisjon av øvingslende er gitt i lov om militære rekvisisjoner (rekvisisjonslova) med tilhøyrande forskrifter, og lov om motorferdsel i utmark og vassdrag (motorferdselslova, § 4). Erstatning for tap og skade forårsaka av øvinga vert ytt i samsvar med føresegnene i rekvisisjonslova av 29. juni 1951
Militærøving
Hunter Dixon