I november vart det gjennomført ei undersøking av pasienterfaringar med bruk av legevakta i Kvam. Undersøkinga - som hadde i overkant av 20 respondentar - synte at pasientane var svært nøgde.
Brukarane vart spurte om 14 ulike tema, som handla om alt frå reisetid og ventetid til korleis dei vart møtt hjå legevakten. Svara viser at dei aller fleste var nøgde med både ventetida, venterommet og korleis dei vart møtt av sjukepleiar og lege.
100 prosent svara at dei generelt opplevde hjelpa frå legevakta som tilfredsstillande, 61% meinte at hjelpa frå legevakta var som forventa, og 39% at ho var betre enn dei hadde venta seg. Sjå alle resultata frå undersøkinga.
Sist endra 10.04.2019 10:17